Filmproduksjon

in veg inn i fjernsyns- og filmverda tok til med Internett: Me var ein gjeng dataentusiastar på gamle Falconbridge Nikkelverk, me arbeidde med elektronisk styring i arbeidstida og me skaffa oss "personlege datamaskinar" lenge før det var normalt  mellom vanlege folk. Då me kunne koble maskinane våre saman over telefonnettet var me komne til himmelen - heilt til telefonrekninga kom. Då gjekk turen heller motsett veg.... 

Men så ein dag kom formannen i PCklubben og sa at han hadde høyrt om noko som heitte Internett. Det var noko som gjorde at ein kunne ringe til datamaskinar i USA for same pris som til Iveland!

Sia gjekk det fort. Eg vart journalist - og ganske snart gjekk det opp for meg at Internett kom til å utvikle seg fram til eit bilet- og filmmedium, då bestemte eg meg for at eg ville lære å fortelje med levande bilete.

Fyrst gjorde eg det i lokalTV.  Eg var med å bygge opp Fædrelandsvennen sitt dotterselskap TV Sør, fyrst som programleiar i magasinet "Enes på fredag", seinare som reporter, magasinprodusent og utviklar. 

Sist i 2002 gjekk eg over i frilansarbeid i kontorfellesskap med Frode Vestad og hans selskap Dokufilm AS.  Sidan har me helde fram med eit nært og spanande samarbeid, sjølv om eg og har arbeidd med andre fotografar / regissørar / produsentar frå tid til annan. 




Andre produksjonar Frode Vestad og eg har samarbeidd om:

 År     Filmtitel Sjanger Min rolle 
 2001To elver - en film om samarbeid mellom lokalsamfunn i Norge og LatviaTV-dokumentarIdé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan 
 2003 Tåkelursonaten - musikkdokumentar med Terje Rypdal TV-dokumentar Intervju
 2004 Om revmatiske betennelser - en serie pilotproduksjoner for Helsefilm Helsefilm Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2005 Russerfangene - om hva som skjedde med de sovjetiske fangene  i Norge  TV-dokumentar  Idé, research, manus, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2008Tapt virkelighet - samtaler om psykoser   Helsefilm  Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2009 Fortid(d) - om komplekse traumer  Helsefilm  Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2010Bipolare lidelser - type 1       Helsefilm  Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2011 Tvangstanker og ritualer - samtaler om Obsessive Compulsive Disorder  Helsefilm  
 2011 En Lasarus - om tapere og vinnere i en medisinsk revolusjon  Helsedokumentar  Idé, research, manus, finansiering, produksjonsplan, intervju, red.plan
 2011 Dømt til å leve - portrett av Auschwitzoverleveren Edith Notovicz  TV-dokumentar  Idé, research, manus, intervju.
2015    "Angsten tok kontroll" - om oppsøkande behandling, nettverksarbeid og tidleg intervensjon i arbeidet mot angst mellom unge  Helsedokumentar
Ide, research, manus, finansiering, prod.plan, intervju og red.plan
 2015 "Angsten for et helt alminnelig liv" - om unge voksne og prestasjonsangst Helsedokumentar, samfunnsdokum. Idé, research, manus, intervju, finansiering. 
 2015 "Psyken vår" - TVserie for ungdom om psyken si utvikling frå vogge til alderdom.TVmagasin Manus 
   
Undersider (1): Mediehuset Abup
Comments