Historienor - Kurs i forteljarkunst


Bakgrunn: 

Svært mange eldre kjenner ei forplikting til å summere opp livserfaringane sine og gi dei vidare til neste generasjon. Me som står attom dette kurset vil seie dette endå sterkare: For fyrste gong i verdshistoria har ”alle” høve til å fortelje til framtida og lagre det som skrift eller tale. Mange - både unge og eldre – bør lære seg dette og faktisk gjennomføre det. 

Dette er bakgrunnen for at me har laga kurset "Forteljarkunst i nettalderen"

Målet med kurset er å motivere deltakarane til å lage forteljingar om eige liv, hjelpe dei i gang ned eit skriveprosjekt, ein blogg eller eit videointervju og å syne korleis dei kan sikre at målgruppa for forteljingane får varig tilgang til dei. 

Metoden er ein kombinasjon av tre element: 
  • Ei konsentrert ”førelesing” om eit kunnskapstema kvar gong, 
  • Samtalar om deltakarane sine eigne forteljingar 
  • ”Heimeoppgåver” der deltakarane arbeider med eigne forteljingar. 
Omfang: Kurset går over ti kveldar med tre timar kvar kveld og ei veke mellom kvar samling – det tar altså ti veker.  

Avslutninga er eit ”publikumsarrangement” der eit utval av deltakarane sine forteljingar vert framførte som munnleg forteljing, opplesning eller avspeling av videointervju. Arrangementet vert og eit lanseringsarrangement for eventuelle nye bloggar, bokprosjekt eller videoprosjekt. 

Etterpå: Det er grunn til å forvente at nokre av deltakarane ynskjer ein vidare læreprosess. For min / vår del er vi opne for å diskutere dette når den tid kjem. 

Kurset vil høve for opp til 25 deltakarar. Det vil koste i alt kr. 56.750,- med den ressursbruken som me ynskjer. Deltakarbetaling vil være mogleg i alle fall for gruppa eldre deltakarar. 




Undersider (1): Kursopplegg
Comments