Kursopplegg


Kurset går over ti kveldar med tre timar kvar kveld. 

Kveld 1: 
1. Presentasjon av målsettingar, kursleiarar og kursdeltakarane.  
2. Nettalderen sine forteljingsformer: Bok / e-bok, blogg, facebookside, lydopptak, videointervju. 
Til gjennomtanke: Kvar deltakar tenkjer gjennom eigne ambisjonar. 

Kveld 2:
1. Deltakarane sine ambisjonar. 
2. Kva er målgruppa interessert i å høyre om?
Til ”heimearbeid”: Planlegg – skriv helst – ei forteljing. 

Kveld 3: 
1. Framføring av forteljingar. 
2. Blogg- og sosiale media. 
Til heimearbeid: skriv – publiser helst – ei forteljing. 

Kveld 4: 
1. Framføring av forteljingar. 
2. Bilete fortel meir enn tusen ord 
Til heimearbeid: finne bilete 

Kveld 4:
1. Digitalisering og drøfting av bilete. 
2. Korleis bilete og forteljing heng saman. 
Til heimearbeid: Planlegg ei forteljing til eit bilete. 

Kveld 5. 
1. Framføring og drøfting av forteljingar med bilete. 
2. Store og små hendingar – kva bør ei livsforteljing innehalde? 
Til heimearbeid: Planlegg innhaldslista for ferdig verk.

Kveld 6: 
1. Drøfting av innhaldslister – planlegging av dei fire siste kveldane. 
2. Oppvekstforteljing – foreldre og sysken – lokalmiljø – skule og læretid - arbeidsliv – born og omsorgsoppgåver – helseliv – tidsbilete – lokalsamfunn – store hendingar – økonomi og praktisk liv – meiningar – frivillig arbeid – eller …?
Til heimearbeid: Skriv eller planlegg

Kveld 7. 
1. Forteljingar frå tema 1 (for eksempel oppvekstforteljingar) 
2. Trulaus hukommelse: Om å kryssjekke med andre kjelder 
Til heimearbeid: Finne / planlegge / skaffe eigne referansekjelder.

Kveld 8.
1. Forteljingar frå tema 2 (for eksempel tidsbilete 50-tal / 60-tal / 70-tal) 
2. Særtrekk ved videoforteljinga 
Til heimearbeid: Førebuing av videoforteljing 

Kveld 9. 
1. Forteljingar frå tema 3. (for eksempel arbeidshistorie)
2. Planlegging av avsluttingsarrangement 
Til heimearbeid: Førebuing av avslutningarrangement

Kveld 10:
1. Opent Kveldsarrangement – arbeidstitel ”Forteljarkunst i nettalderen”
    • Kort innleing om ambisjonen om å samle fyrstehånds forteljingar i ein base. 
    • Serie munnleg framførte eller oppleste forteljingar 
    • Presentasjon av bloggar, facebooksider og intervju som er komne ut av kurset.
    • Uformelt samvær – med ordet fritt. 
    • Avslutning med diplomutdeling 
Ta kontakt for å diskutere kursarrangement nærare! -  bjorn@enes.no - Tlf 41516745 



Comments