www.enes.no‎ > ‎Butikken min‎ > ‎

Les meir om publiseringsmetoden


Eg har valt å publisere denne romanen sjølv i staden for å samarbeide med ein forlagsredaksjon og deira salsapparat.  

Det er fire grunnar til det:

  • Eg er svært utålmodig etter å få forteljinga ut til eit publikum. Eg meiner  ho er viktig, og eg orkar ikkje sjå henne støve ned i innboksen til overabeidde forlagskonsulentar. 
  • Eg har råd til det, eg skaffa fram både tida til å skrive og pengane til trykk og binding ved å legge bort alt anna. Risiko er for meg at forteljinga ikkje kjem fram til dei ho er meint for.
  • Det kjens friare. Der er ingen mellom meg og den som les, ingen børs, ingen katedral, ingen mytologi. Det kjens nærare den naturlege måten å fortelje på, samtalemåten  Vegen attende frå lesaren kjens og opnare, enklare, meir rett fram. 
  • Inntekter på boka er for meg  ei von om fridom til å skrive meir. Forteljinga sjølv er målet. Men om lesarane spreier ord om henne,  svarar dei og på forlagskonsulentane sitt hovudspørsmål: Fins ein marknad for dette? 
Eg venta åtte veker på at det fyrste forlaget skulle vurdere om dei ville publisere boka. 

Så snudde eg køen: Eg bestemte meg for å publisere ei ”beta-utgåve” i eit avgrensa opplag gjennom oppdragstenesta Kolofon Forlag. Etter planen kjem boka  i handelen frå august 2013. 

(Bokforlag som måtte vere interesserte i å publisere ei offisiell utgåve kan ta kontakt på epost eller telefon, så vil eg love å svare innan tre til åtte veker.)

Samstundes bestemte eg meg for å publisere forteljinga som framhaldsforteljing i bloggformat. Det vert gratis for lesarane. For meg vert bloggforteljinga  eit mål på om "Til minne om Linda"   treff dei ho er meint for.  

Papirutgåva kjem i handelen frå august 2013 - bestill her

Les og kommenter bloggversjonen her  www.bloggforteljing.no 

Ta del i facebookdiskusjonen her  https://www.facebook.com/bjorn.enes
 
 
 
 
 


Skriv til meg her:   bjorn@enes.no 



Comments