www.enes.no‎ > ‎Butikken min‎ > ‎

Omslagsbiletet - til minne om Linda

Det var ein oktoberdag i 2010, ein sundag i vakkert haustver  i Fjellveien i Bergen. Det mange folk der, kjende og ukjende. Me gjekk vel alle og kjende på det siste av den lyse og varme årstida, på at myrkret og regnet og kulda skulle ta over og jage oss inn i tronge hus og snevre sirklar og  tunge tankar. 

Nett då sola skulle til å søkke seg ned i disen attom Løvstakken kom me fram til Fritz Røed sin skulptur "Vårfornemmelse". 

Det var eit heilt utruleg syn som møtte oss der. Den glade, optimistiske og naive skulpturen som sto der for å fortelje at våren kjem og livet vil ta seg opp att, var kjærteikna av den sola som visste at ho var på tapande lag, at når ho vart borte  om nokre få sekund kunne det ta veker og månader før ho kom att. Det var slutt. Ho hadde vore der sia ho delte gleda med den tynne jentekroppen, ho hadde kanskje og tulla kleda i ein bylt på hovudet og smoge seg i vatnet for fyrste gong.  Men no var det slutt. 

Det var slutt. Det var det som hadde vore. Men det var denne påminninga og som sto der. Det kan bli storm og det kan bli kaldt. Men gje aldri opp. 

Linda er borte. Men det ho sette att etter seg i byen her er fanga av Fritz Røed når du ser verket hans om ettermiddagen den siste godverssundagen i oktober. 


Comments