Forteljingar frå internasjonale reportasjereisedrOm etnisk rensing I mars 2015 vart eg invitert til å halde eit foredrag om etnisk rensing for Rotary i Flekkefjord, Det er eit tema som har opptatt meg sterkt i mange år, særleg etter reportasjereiser på Balkan og i SentralAfrika i 94-96. Oppdraget i Flekkefjord vart ei påminning om kor viktig dette temaet er. Eg snakkar gjerne om det andre stader og. Eg laga denne versjonen av ein av dei forteljingane eg bygger foredraget rundt. Den var publisert i i Fædrelandsvennen i desember 1995. Eg hadde reist til Rwanda saman med fotograf Kjartan Bjelland for å finne historia attom eit fotografi som kom inn til redaksjonen i Fædrelandsvennen den hausten. Om etnisk rensing:Foredrag om romanen "Til minne om Linda""Sanninga, indifferensen og gneisen i botnen." I november 2013 skal eg boklansere min fyrste roman, ”Til minne om Linda”. Den handlar om dramatiske hendingar som skakar opp ein by gjennom tre vinterveker, og ein forteljar som strevar med å forstå kva som eigentleg hende. Eg arbeider no med eit foredrag til lanseringa på Stiftelsen Arkivet den 12. november. Det skal peike ut noko av det eg gjerne vil seie med forteljinga. Dette foredraget eller seinare versjonar av det, vil eg gjerne halde fleire stader. Ta kontakt - eller send meg gjerne tips om arrangørar som kan vere interesserte Ein synoptisk versjon av foredraget ser slik ut: Innhald: Etter ei kort forteljing om korleis bokprosjektet vaks ut av ei skuldkjensle, vil eg reflektere rundt tre hovudelement i forteljinga:
Lengde vil kunne varierast mellom 20 til 60 minutt. Helst vil eg ha 45 minutt. Debatt: Eg trur at ein eventuell debatt etterpå vil vere vellukka i reflekterande samtaleform. Men om De skulle ynskje ein meir spissa og konfronterande debatt, kan eg og spisse foredraget. Honorar: I utgangspunktet ynskjer eg kr. 3.400,- for eit slikt ikkje-originalt foredrag. Men for meg er det viktigare å få forteljinga ut enn pengar inn. :-) Kontakt: bjorn@enes.no |
www.enes.no >