www.enes.no‎ > ‎Industriprosjekt‎ > ‎

00-Disposisjon – Hovudteksten i «Industrien og Noreg»

«Ei ny forteljing om industrien» (Versjon 30.januar)

Essayistisk tekst med utgangspunkt i forfattaren si eiga historie om å kome frå Afrika til Falconbridge Nikkelverk i 1972, like før effektane av «den tredje industrielle revolusjonen» - elektronikken – slo ut for alvor.

Erfaringane frå Falconbridge vert så brukte til å tolke det som har hendt i resten av samfunnet: Den relative tilbakegangen i tradisjonell industri, karakteren av endringene i den industrien som ikkje vart borte – og framveksten av nye industriar. «Industrialiseringa» av tertiærnæringane og kommersiell sektor, og seinare av forvaltninga.

Refleksjonar om den marxisitiske tesa om at «produktivkreftene» endrar seg fyrst – medan tenkinga fylgjer etter, ofte svært langt etter – særlig i dei samfunnslaga som ikkje er direkte involverte i vareproduksjonen. Polemikk mot industrisynet i kultur og media.

Essayet munnar ut i nokre tankar om kva for tema som diskusjonen om ein progressiv industripolitikk bør handle om.

Omfang: Mellom 20 og 30 tekstsider.

Reseaarch 1: Torssdag 30. jan 08-15:30




Disposisjon for hovudforteljinga:  (Deadline: Måndag 3. mars)


1. Industrien er ikkje død

Mi eiga historie - Den gamle og den nye fabrikken:  )

(Tekstboks 1 -Bakgrunn: Nikkelverket)

1.1 - Kvifor kom den gamle fabrikken her?

Kort versjon av historia om elektrisiteten og hamnetilhøva som dei objektive elementa som gjorde det interessant å legge fabrikken her – sjølv om gruvene var i Canada. Og historia om Anton Grønningsæter og Antonio Tambini som dei subjektive elementa som fekk investorane til å oppdage det.

(Tekstboks 2«Kvifor vart Noreg industrialisert?») - inkludert  Industrisysselsetting i Norge1900-2013 opp mot ansatte på Falconbridge same tidsrom. Dei to kurvene vil vere så å seie nøyaktig like.

1.2  Kvifor kom den nye fabrikken her? 

Historia om kravet om å bygge raffineri i Canada på 1970-talet og resonnementet som førte fram til at nybygget i Canada vart stoppa og investeringane vart gjort i Noreg i staden: Kunnskapsakkumulasjonen og verdien av det totale industrimiljøet var hovudsaka.

(Tekstboks 3: «Den elektroniske revolusjonen»)

1.3. Analog kollaps: Historia om den økonomiske kollapsen i Sovjetunionen, då nikkel brått vart eit produkt på verdsmarknaden (før det var det eit «strategisk metall» som aldri kryssa jarnteppet, og som vart verna med militære støtteoppkjøp når etterspurnaden var svak). Enorme nedskjæringar over heile konsernet – men i Kr.Sand vart det forsert prosessomlegging i staden for reduksjon. Eit stort dilemma i fagforeiningspolitikken – ein studie i defensiv kamp («Nei til oppseiingar – ja til prosessomlegging»)

(Tekstboks 3: Odda / Tyssedalreportasje 


2. Industrien er annleis 

Kan me leve av å klippe håret på kvarandre?  Historia om ei samtale på fagforeingskontoret på 80-talet då «ein leiar var ein leiar» og «ei investering var ei investering». Gåta såg uløyseleg ut. Så gjorde eg ei samanlikning:

2.1Ny  "teknologi":  Historia om då Falconbridge tilbaud Russland heile den nye prosessteknologien sin til ombygging av nikkelverket i Nikel i bytte med langsiktig avtale om råstoff. Historia viser betydinga av kunnskapsakkumulasjonen: «På dei åra som russarane vil trenge for å bygge og lære folk opp til å køyre det nye anlegget, vil me ha gjort eit nytt teknologisprang».

(Tekstboks 6 "Industrien vender heim" 

2.2: Kulturspørsmålet: Produktivkrafta i Janteloven og Nissehuva - Likskapstradisjonane, dugnadsmentaliteten og den manglande respekten for overklasse kan være det fremste konkurransefortrinnet Noreg har: Det gjer det mogleg å utnytte alle særtrekka ved dei post-elektroniske teknologiane.

Tekstboks 7: Kollektiventreprenøren 

(Tekstboks 8 - Konkurransekrafta i norsk industri) 

2.2: Kva er ein industriell prosess?  I 1970 gjekk nikkel framleis i store tonnasjar til jarnverk som brukte det i panser- og rustfrie stållegeringar. I dag går nikkel i svært ulike kvalitetar og mange små ordrar til svært ulike produsentar av kapital- og forbrukarvarer. Den totale prosessen frå gruve til ferdig produkt er mykje lenger og omfattar mange fleire direkte og endå fleire indirekte. Den faktiske fabrikkproduksjonen er redusert i tid og verdi – medan heile den industrielle prosesslina er blitt lengre.

(Tekstboks 8: Vidareforedling)

(Tekstboks 9: Eit anna eksempel på ein industriell prosess - f.eks. ein mobiltelefon?

2.3: Kva er industriell organisering? Framleis med nikkelverket som utgangspunkt for å sjå på heilskapen. Kort om utviklinga i organisering i produksjonen der hierariksik organisering er erstatta av flatare strukturar, større ansvars- og kompetansekrav til arbeidarane og "proletarisering" av tekniske funksjonærar og mellomleiarar. Tilsvarande om organisering eigarskap og konsernstrukturar: På den eine sida vert konsern større, på den andre sida vert dei meir fragmenterte med sterkare intern konkurranse. Eigarskapet deler seg i industrielle og finansielle eigarar med heilt ulike ideologiar og "refleksar". 

(Tekstboks 10: Mikro-Reportasje frå Ågotnes Kystbase (CCB)

2.4. Kva er kunnskapsakkumulasjon?

(Tekstboks 12:(  )

2.5. Industrien er nøkkelen til å forstå samtida

(Tekstboks 13: Kvifor er nokre rike og andre fattige?)

(Tekstboks 12:(  )


3. Industrien avgjer framtida. 

4.1. Klimaspørsmålet er eit industristpørsmål. Forteljinga om svovelet og utsleppa: Miljøkampen som teknologidrivar. På same måten: Det var den industrielle revolusjonen som førte til klimaproblematikken - og det er er industrien som må løyse det. Miljøkamp er teknologikamp.

Tekstboks 17 - Alf Holmelid) om grøn teknologi

Teksboks 18: Tempoen i det tyske "Energiewende"

4.2. Verdiskapinga skjer i industrien: Ei morosam histoire om "det offentlege romet" rundt Falconbridge som var dominert av kjøpmenn og lokalavis, medan dei store sprøsmåla for industrien berre vart handsama i Everkstyret. Dei store line i produskjonen er usynlege - medan sluttresultata kjem til syne som kommersielle produkt. 

(Tekstboks 19:( Kjersti Kleven om industriell tenking  )

4.3.Kunnskapsakkumulasjonen skjer i industrien; Historia om Egil og "1/32-dels tørn" - mot sivilingeniøren sin ide om lineær ventilåpning. Kommunikasjonen mellom teori og praksis - trekt opp i store liner som t.d. Røkke?

Tekstboks 20: Kunnskapsakkumulasjon.

4:4: Ideologiutviklinga skjer i industrien: Historia  Samlebandsproduksjonen førte til at "likhet" vart det kommersielle nøkkelordet - den rovbotiserte produksjonen fører til at illusjonen om å "vere unik" er det nye. Dette førte til dei ideologiske brytningane mellom "masserørsle" og "individualisme". mange (feil)-tolka dette som rørsler på høgre-venstre-aksen, noko som opna eit stort rom for FrP. 

Teksboks 21: Ideologi

4:5; Globaliseringa kjem frå industrien: Historia om Bill James og sjokkreisa hans verda rundt (1982). Den kompliserte konfliktstrukturen: marknaden, teknologien, kostnadene, intern- og eksternkonkujrransen og politikken: Tilhøret mellom den reelle industriglobaliseringa og den "virtuelle" finansglobaliseringa er som mellom produksjon og kommers: Meir iaugefallande - men miondre viktig. 

Tekstboks 22: Globaliseringsmotstandar ?

4,6: Noreg: Industriland eller råvarekksportør? Attende til Tyssedalkampen og Hegnar sin bananplantasje - og debatten om kraftkablar til kontinentet.bonden som sel såkornet - og scenariet om kraftbørsen, banken og tivoliet 

(Tekstboks 16:( Geir Vollsæther om sal av såkornet )

Tekstboks 14:- Leif Sande om "postindustrialisme"  

Avslutning: 

Den gamle filosofien om rørsla frå «naudsynet sitt rike til fridomen sitt rike» - fram til Historia om Kai H. og pakninga. 




Comments