www.enes.no‎ > ‎Industriprosjekt‎ > ‎

19 - sluttsekvens

 I mars 1994 var eg med Erik S og Kai H. i ein landsby nordaust på Hispaniola, i den Dominikanske republikken. Med oss var og og Renée frå Kirkens Nødhjelp og Carlos frå den lokale hjelpeorganisasjonen. Folk i landsbyen fortalde om kor dramatisk mykje betre livet var blitt etter at dei hadde fått bora brunn. Jordmora sa at spedbarnsdøyelegheita var gått dramatisk ned, så å seie til null. Det same hadde sjukdomar hos eldre. Brunnen hadde laga ein revolusjon i landsbyen.

Det var berre eitt problem. Den virka ikkje lenger. Så dei var glade for at Carlos var med. Han måtte hjelpe dei å søke om pengar til reparasjon.

Kåre tok i handtake og drog eit par drag. Det var ei handpumpe av enklaste slag, oppå eit betonglok over boreholet. Er det ikkje berre pakninga? Sa han.

Renée var tolken. Ho visste ikkje kva pakning var på spansk. Me forsøkte å forklare. Ingen forsto. Har dei ein skiftenøkkel, så kan eg opne å sjå? Sa Kai H. Han var røyrleggjar frå nikkelverket i Kristiansand. Me var inviterte for å sjå kor pengane me samla inn til KN vart av.

Det såg lenge ut til at det ikkje var nokon skiftenøkkel i landsbhyen. Langt om lenge kom det fram at smeden hadde ei rotekasse for påkomande sykkel- eller trallereparasjonar, og der var der ein skiftenøkkel, men han var ikkje stor nok. Kåre vart frustrert, og ville ha nokon med seg til nabolandsbyen for å leite der. Det er fort gjort å lage ny pakning, sa han. Me kan klippe han til med ei vanleg saks. Her er vel noko gummi?

Men der var ikkje det. Ingen gummimatter, ingen rester av dørk- eller maskinromsbelegg, ingen bil- eller traktorslangar, ikkje så mykje som ein gamal støvel.

Så det var til at Carlos og leiaren av landsbykomioteen sette seg for å skrive søknad. Men no veit me kva me skal søke om! Strålte Carlos.

Kai H. var heilt ulukkeleg. Ei pakning kostar tjue kroner, sa han. Kven som helst kan skifte henne ut på fem minutt, berre dei har ein nøkkel. Så må dei bruke tida på meiningslaust papirarbeid i staden. Og vente. Og i mellomtida kan ungar døy.....

*

I alle år etter det, har eg sett auga til Kai H for meg når folk har snakka om at verda ikkje treng industrien. 

Comments