Frå dag til dag

Det er med den daglege blogginga som med oppvasken: Eg skulle jo vore meir aktiv både på Twitter og  Facebook  og i bloggen min. Men eg får ein slags prestasjonsangst kvar gong. Den tar dugaleg feil som trur at det tek kortare tid å skrive 140 teikn enn 1000!  Men her - på mi eiga side - her kan eg tillate med å spytte rett ut om kva som surrar oppi hovudet mitt  - frå dag til dag.  Det er jo ingen som er nøydde til å  lese det - men vi du ha en gløtt inn til meg så velkomen og værsågod!!

"Til minne om Linda" lever sitt liv...

lagt inn 3. jun. 2017, 02:09 av Bjørn Enes

Bloggforteljinga eg publiserte i 2013 lever eit liv på nett: Heile forteljinga ligg ute som blogg på adressa http://bloggforteling.blogspot.com.  Eg ser av statistikken at det stadig er ein og annan innom og les - bloggen passerer snart 30.000 oppslag.  

Sjølv meiner eg at forteljinga er aktualisert av hendingane etter 2010, og at hovudpåstanden er aktuell som aldri før: Terror i denne samfunnsfasen må analyserast som "kjedereaksjonar" på nedbygginga av dei gamle, hierarkiske samfunns-, økonomi- og kulturformasjonane. Historisk sett er avviklinga av hierarkiet eit frqamsteg, eit stort skritt på det Marx kalla vegen frå naudsynet til fridomens rike. Men alle framsteg utløyser reaksjon, og dei reaksjonære kreftene er ikkje berre gamle maktmenneskje som tapar posisjon - det er også mange av dei "små" som leitar febrilsk etter nye pyramidar å klatra eit trinn eller to i. Finn dei ikkje reellt eksisterande pyramidar, så er det freistande å laga seg virtuelle. Som til dømes ei "motstandsrørsle" mot ein "muslimsk invasjon" eller andre konspirasjonar. 

Donald Trump er ein versjon av forteljingas Kent Karlsen, og ein like typisk del av desse reaksjonære kreftene som IS er det. Me får sjå om mi forteljing etter kvart kan gjera nytte som eit diskusjonsinnlegg i den store samtalen om kva det eigentleg er som hender i verda nett no. 

OBS: Det hasr fram til no eksistert to snarvegar til bloggforteljinga, to kortare domenenamn. Beggfe desse har eg sagt opp, slik at det no berre er adressa bloggfortelling.blogspot.com som gjeld. Eg har også laga til  loggforteljing.enes.no fgor å kompensera for dei to som no sluttar å virka: bloggforteljing.no og Bloggfortelling.no 

 

26/5-16: No startar bygginga av Memoar for alvor

lagt inn 21. mai 2016, 02:30 av Bjørn Enes

Frå stiftinga i juli 2015 og fram til mai 2016, har arbeidet med å bygge Memoar fyrst og fremst vore ei lita gruppe sitt strev. Men frå 26. mai tek den meir systematiske bygginga av ein medlemsorganisasjon til. 

Då startar me det fyrste kurset i minnesamling med video. Ambisjonen er at det skal kome eit eller fleire minnesamlingsprosjekt ut av kurset: Ikkje berre som idé, men som konkret arbeid. 

Det er plass til ti stykker på fyrste kursbolk - i skrivande stund (laurdag 21. mai) er der ennå ledige plassar. Heile kursopplegget er presentert her: http://kurs.memoar.no  

25/2: Vellukka avslutting på industri-forprosjektet

lagt inn 21. mai 2016, 02:24 av Bjørn Enes

Det gjekk over all forventing då seks av dei som har vore intervjua i forprosjektet Industri.Memoar.no og eg "mimra" i lag med publikum til stade i Kristiansand bibliotek.  Eg hadde skrive ein introduksjonstekst som Fædrelandsvennen publiserte . sjå her - og folk strøymde til møtet. Det skal ha vore rundt to hundre i salen. Svært mange av dei var jo gamle nikkelverksfolk, men det var og ein del andre. Fædrelandsvennen laga eit godt referat - det sto på trykk nokre dagar seinare.  

29/1-16: Godt og gammaldags moderne teater

lagt inn 31. jan. 2016, 06:16 av Bjørn Enes

http://bjorn-enes.blogspot.no/
Dagen etter premieren på Tore Vagn Lid sin produksjon "Vår ære og vår makt", vart eg sitjande ved tastaturet og reflektere. 

"Fyrste gong eg opplevde slikt teater må ha vore i 1967. Eg reiste heilt til Århus for å oppleve det. Eg hugsar verken tittel eller innhald, berre dette spennande brotet med tradisjonane. Seinare kom det - kom eg, i alle fall - til ABCteateret i Oslo - og så vart det vanleg. Og som alt anna her i verda, så vart det vanlege kopiert og banalisert og karikert så langt at det kjentes som epokeskapande nytt og frigjerande då navlen på ny vart fokus på alle scenar..... -

Eg publiserte heile refleksjonen i bloggen min.  

26/1-16: Ein ny måte å utvikle jubileumsforteljingar

lagt inn 26. jan. 2016, 16:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 31. jan. 2016, 06:09 ]

https://docs.google.com/presentation/d/1MZKme-mNma2z_bfY_n7fCrz4Kj6Y68Rf4GZ4IAxCaHY/pub?start=false&loop=false&delayms=3000
Det er vanskane med å finne "normal" finansiering til Memoar som har sett meg på ideen å lansere ein ny måte å utvikle jubileumsforteljingar på.  

Ideen er rett og slett å kombinere minneopptak på video med det eg for min del kan best: Å skrive forteljingar. Ved å tenkje digitalt og interaktivt heilt frå starten av, kan truleg eit "multimedieprodukt" utviklast og skapast innanfor same kostnadsramme som eit tradisjonelt bokprosjekt. 

Det vil seie at jubilanten kan lansere både ei bok (på papir eller E-bok) og ei nettside med djupintervju med hovudkjeldene til boka. 

30/11: Grigoriy Yeremanlov er gått bort

lagt inn 30. nov. 2015, 03:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 30. nov. 2015, 22:36 ]

Me fekk i dag melding om at Gregoriy Yeremanlov gjekk bort den 24/11, 90 år gamal. Med han er endå ein av dei krigsfangane som overlevde slavearbeid i Noreg i 1942-45, gått bort.

Han vart fanga i juni 1941 og sat fyrst i ein utryddingsleir i Polen der det berre var eit piggtrådgjerde med vakttårn rundt fangane, og dødstala var svært høge. Året etter vart han frakta

til Årdal i Sogn for å tvangsarbeide med bygginga av Ardal Aluminiumsverk.

Me møtte Grigoriy i Novorissiysk i 2004, under arbeidet med dokumentarfilmen "Russerfangane" (Dokufilm 2005). Han fortalde at han ikkje fekk reise heim då han vart send frå Noreg i 1945. I staden kom han til ein "filtreringsleir" i Estland, der alle vart alle forhøyrde og dømde for brot på eiden til Raudearmeen om ikkje å la seg bli teken til fange. Sjølv vart han dømt til to års straffarbeid og send til Novorissiysk ved Svartehavet, heilt sør på Austfronten. Byen var fullstendig øydelagd etter harde kampar i 1942 og -43, og ein kontingent på 1500 straffedømte fekk jobben med å starte opprydding og førebu attreising hausten 1945.

Grigoriy levde der med stempel som forrædar heilt til eit stykke ut på 1990-talet. Då vart han fyrst rehabilitert. Sia vart han dekorert for sin krigsinnsats. Då han tok imot oss, hadde han også fått erstatning frå Tyskland. Han tok godt mot oss, baud oss på "amerikansk vodka" og fortalde ei historie som var viktig både for vår forståing av vår eiga norske historie - industrihistorie, ikkje minst - og for vår forståing av kor store offer Russland, Ukraina og resten av Sovjetunionen gav i kampen mot nazismen. 20.000 av Grigoriy sine kameratar vart liggande att i norsk jord. No tynnest rekkjene, også mellom dei som overlevde. Fred over deira minne.

Bjørn Enes, Frode Vestad  


In memoary of Grigoriy Yeremanlov

Today, we recieved in grief the message that another one of the 200.000 former Soviet prisoners who survived slave labour in Norway during the years 1942-45, has left us.

Grigoriy Yeremanlov was taken prisoner by the Nazis in June 1941. At first, he was interned in an extermination camp in Poland, in which there was neither housing, regular food and watersupplies nor any sanitary system. There was only barbed wire fences and watchtowers. The death tolls were huge.

The following year, he was transported to the occupied Norway by boat. Grigoriy was sent to Aardal in the Sognefjorden area, where he was forced to labour with the construction av an Aluminium refinery that is still running there.

We met Grigoriy in 2004. We were working with a documentary film about slave labourers in Norway during the Nazi occupation. Grigoriy then told us, that he was not allowed to go home, when he was sent from Norway i the summer of 1945. He was again interned, this time in a filtration camp (in Estonia, as far as I can remember). There, all the former prisoners were interrogated and sentenced for breaking the oath of the Red Army, about not letting themselves be taken prisoners.

Grigoriy was sentenced to two years imprisonment at labour. He was transported to Novorissiysk. The city was completely destroyed during the hard fighting i 1942 and 1943, and a contingent of 1500 prisoners were the first ones to start clearing up and rebuilding it.

After he had served his sentence, Grigoriy stayed in Novorissisk. He had a lot of problems because of his sentence, and he was not rehabilitated till the early nineties. Since then, he was decorated several times for his sacrifices during the Great Motherland War. He also had got a compensation from Germany.

When he recieved us in 2004, he treated us very kindly and well. I remenber he served "American Vodka" to us. From him, we got improtant informations that helped us understand better our own, Norwegian history - in particular the history of our industry. And as well, he brought new light upon the history about the immence sacrifices that Russia, Ukraine and the other parts of the Soviet Union gave in the war against Nazism.

We will express our gratitude to Grigoriy Yeremanlov and all of his comrades who the Nazis deported to Norway. 20.000 of them are buried in our soil. Their blood links us together for ever.


Bjorn Enes, journalist, Norway

Frode Vestad, photographer and film producer, Norway.  





23/11: Inga løyving til "Psyken vår" frå Extrastiftinga

lagt inn 25. nov. 2015, 01:26 av Bjørn Enes

www.psyken.no
i dag fordelte Extrastiftinga i alt 235 millionar kroner til arbeid for førebygging og rehablitering. Frå før har dette vore ei vitkig kjelde for finansiering også av kultur/helseprosjekt, og mange helsedokumentarar har vore finansiert den vegen. Noko har gått til slikt arbeid også i 2015 - mellom anna har Sanden Media i Kristiansand fått midler til å lage TVserien "Jeg setter meg snart" i samarbeid med Norges Handikapforbund. 
Men "Psyken vår" - der eg har laga manus, fekk ikkje pengar. Det vert ei miniutgåve av serien likevel, for Cultiva har alt løyvd midler til å starte opp prosjektet.   Det var likevel svært nedslåande at me heller ikkje i år klarte å få forklart dette prosjektet godt nok til å begeistre dei som vel ut prosjekt. Oversynet over løyvingr frå stiftinga er her: https://www.dropbox.com/s/a1lrq3zoppx93s3/Prosjekter%202015.pdf?dl=0 

18/10-15: Prøve på minneopptak med publikum

lagt inn 24. okt. 2015, 08:07 av Bjørn Enes

Memoar og Sjøfartsmuseet i Bergen gjennomførte eit vellukka eksperiment med minneopptak med publikum til stade den 18. oktober 2015. 

Tre minneopptak vart gjort. I løpet av veka som fylgde vart redigerte opptak levert til forteljarane, og alle tre bestemte seg for å dele oppta. Dei kan finnast her: Http://Sjofart.Memoar.no  

I løpet av dagane og før og den fyrste veka ette forsøket, sa eit titall sjøfartsveteranar seg interesserte i å gjennomføre liknande opptak. 

Memoar og Sjøfartsmuseet startar drøftingar om eit meir langsiktig samarbeid både om gjennomføring, publisering of finansiering av arbeidet. 

13/10-15: Forprosjekt om industriminne er godt i gang

lagt inn 24. okt. 2015, 07:56 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2015, 08:00 ]

13/10 sa styret i Nikkelverkets Arbeiderforening i Kristiansand ja til å vere pilotforeining i eit eksperiment på engasjering av frivillige i minneinnsamling på vidoe om endringane i industrien i tiåra rundt 1975, då eit hundreår med jamn vekst i registrert industrisysselsetjing brått snudde til nedgang. 

Prosjektframdrifta kan fylgjast på organisasjonsside http://vendepunkt1975.memoar.org 

Etterkvar som minneopptak vert publisert, vil dei bli å finne her: http://industri.memoar.no 

15/9-15: "Angsten tok kontroll" er tilgjengeleg på nett

lagt inn 16. sep. 2015, 22:25 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. sep. 2015, 22:35 ]

Den eine av filmane i prosjektet "Film mot angst" er no tilgjengeleg på Vimeo. Det er ei forteljing om kofrleis Sander S. vann attende kontrollen over livet sitt, etter at angst hadde sett han fullstendig ut av spel. Filmen er og ei forteljing om ambulant behandling og engasjering av nettverk rundt unge som slit. 

Angsten tok kontroll


Eg har hatt ansvar for idé, manus, intervju og finansieringsarbeidet for denne filmen. Produksjonsselskap har vore Dokufilm. Finansieringa har i all hovudsak kome frå Extrastiftelsen    Samarbeidspartnarar har vore Mental Helse og Avdeling for born og unge si psykiske helse (Abup) ved Sørlandet sykehus

1-10 of 66