Frå dag til dag‎ > ‎

10/8-15: I dag startar produksjonen av "Psyken vår"

lagt inn 9. aug. 2015, 23:57 av Bjørn Enes
Dei siste månadane har eg vore engasjert av Abup ved Sørlandet Sykehus for å utvikle manus til ein TV/WebTV-serie med arbeidstittel "Psyken vår". manus vart overlevert 31/7 - dagen før fristen som me var samde om. 

Prosjektet er presentert på nettsida www.psyken.no

Forslaget vart overlevert avdelingsleiar i Abup, Karl Erik Karlsen og produsent Svein Tallaksen i Media-Service AS. Det vart godt motteke - også av konsulent Finn Skårderud  som avgrensa sin kommentar til denne setninga: "Manus ser veldig bra ut". 

Så alt i dag startar produksjonen. Det skjer på Høgetveit Naturcamp i Marnardal, der regissør Lisa Enes og fotograf Håvard Stiansen skal vere med på Abup Lister sin Kickoff-leir frå i dag til og med fredag.

Dei fyrste månadane vil produksjonsarbeidet konsentrere seg om ein "minireality", reportasjar, ein serie om "Hjernen vår" og ein samtaleserie med Finn Skårderud. Det kan også vere at me vil forsøke å produsere eit forslag til ein enkel fiksjonsserie - det avheng fyrst og fremst av om ideen Lea Løvetann vert vurdert som god nok.
 
I november får me avklart (frå Extrastiftelsen) om me får eit større budsjett - i så fall vil me m.a. satse på å utvikle ein animasjonsidé (Viss me må klare oss med dei pengane me har, vil me utvikle idéen som infografikk)

Den endelege samansyinga av dei åtte (fyrste) programma vil skje til sist - mest truleg i januar. 

Det er ein lang veg frå manus fram til ferdige program. Det einaste sikre er vel at sluttproduktet ikkje vert slik eg hadde sett føre meg. Så eg stålset meg - og rustar meg til kamp for å forsvare mitt verk :-)  


Comments