Frå dag til dag‎ > ‎

11/11: Hovudlansering i morgon

lagt inn 10. nov. 2013, 23:56 av Bjørn Enes
I morgon (tysdag 12/11 kl 19) skal eg lansere romanen "Til minne om Linda" på Stiftelsen Arkivet i Kristiansand.

Forteljinga er "ein kollektivroman om oss sjølve". Handlinga er oppdikta og liknar ikkje på 22/7. Men ambisjonen min har vore å lage "ei tredimensjonal simulering av det verkelege" for å forsøke å fatte postmoderne terrorisme.

Eg føler sjølv at metoden har fungert.

Eg meiner at det vart tydelegare å sjå at sjølve terroristen sin abnormitet (berre) er den eine sida av forklaringsrekka. Det er (også) viktig å diskutere "kjedereaksjonar" innanfor normaliteten: Det at han var "ein av oss" gjer det naudsynt å diskutere kva det er med "oss".

I lanseringsforedraget kjem eg til å hevde

  • at brutalitet og neglisjering av valdsoffer er ein del av normaliteten, og at begge sider framleis er sterkt underfokuserte i den offentlege samtalen
  • at dyrking av frykt for "snikande farar" og minoritetar  er så effektive som "marknadsføring" at både politiske rørsler, media og einskildpersonar (periodevis) gjerne brukar det
  • at samanhengen mellom frykt og vald gjer den eine sine ord (i ytringsfridomen eller religionen sine namn) til næring for den andre sine valdelege handlingar 
  • og at den svært utbreidde tendensen til å definere seg sjølve som tilskodarar utan ansvar, fører til det motsette: Kollektiv skuld.

Dette ar politiske spørsmål i større grad enn litterære.

Comments