Frå dag til dag‎ > ‎

11. feb: Eg skriv foredrag om etnisk rensing

lagt inn 11. feb. 2015, 00:28 av Bjørn Enes   [ oppdatert 11. feb. 2015, 00:28 ]
Det nærmar seg tid for foredrag i regi av Flekkefjord Rotaryforening om etnisk rensing. 

Forhistoria er eit møte med lege Tor Harald Kristiansen på FNsjukehuset i Kigali hausten 1995. Eg var der med ei ung jente som overlevde eit ei massakre og eit likbål under folkemordet. Ho var sterkt brannskadd, og Tor Harald var ein av dei som gjorde ei førebels vurdering av om ho kunne hjelpast. (Det vart seinare starta ei innsamling som gjorde det mogleg å ta Florence til Noreg for behandling. Ho har seinare vore i stand til å livberge seg sjølv - som sydame i Kigali)

Tor Harald kom heim til Flekkefjord - men engasjementet for Rwanda gav seg aldrfi. Han er Rotary,edlem - og har vel hovudæra for at Rotary i Flekkefjord har tatt initiativ til innsamlingsaksjonar for ulike prosjekt i Rwanda i alle år etter det. 

I fjor haust tok han kontakt og inviterte meg til å halde foredrag om det eg såg og lærte i Rwanda og på Balkan (eg var mellom anna i Srebrenica då Elisabeth Ren (UN HRenvoy) var der i spissen for dei fyrste internasjonale undersøkingane etter massakane.) 

I dag  tek eg til med å lage foredraget. Fyrste bod er å kontakte fotograf Kjartan Bjelland. Han har lova meg kopiar av bileta me brukte i reportasjane frå Rwanda. 

Comments