Frå dag til dag‎ > ‎

12.nov-14: Eg er glad

lagt inn 11. nov. 2014, 23:19 av Bjørn Enes
Eg er glad for å leve i den tida då forteljarkunsten bevegar seg attende til samtaleform, for det er den beste måten som menneska kan kommunisere på. Det var ein teknisk revolusjon (Gutenberg) som la grunnlaget for einvegskommunikasjonen. No står me midt oppe i fylgjene av at ein ny (digital) revolusjon atterreiser utvekslinga av erfaringar, tankar og draumar som hovudform for læring. Det gjer vondt til tider - som all endring gjer - men eg har ei djup overtyding om at retninga eg god, og eg kjenner meg som ein lukkeleg såmann i desse nye markene. 
Comments