Frå dag til dag‎ > ‎

16. mars: Eg må vel lære meg E-pub?

lagt inn 16. mar. 2015, 04:43 av Bjørn Enes
Eg fekk ein triveleg epost om "Eventyret i Haydom". Ein heil familie skal dit i sumar, og vil gjerne lese boka fyrst. Det er jo mange år sidan den norske versjonen var utseld, så dei bad om ein PDF-versjon. Det har dei fått! men det var ein vekkar på same tid: Kvifor er ikkje boka publisert i som E-bok? Det skal jo vere så enkelt? 
Javel, tenkte eg. For å finne ut av om det er så enkelt som optimistane påstår, så må eg vel forsøke det og då. Så i dag tek eg til med det. Eg anar ikkje kor lang tid det vil ta :-) 
Comments