Frå dag til dag‎ > ‎

17. april: "Psyken"

lagt inn 22. apr. 2015, 22:19 av Bjørn Enes
19 engaserte menneskje var samla fredag 17/4  for å konkludere ein omfattande idéutviklingsprosess om eit webmedium og ein serie fjornsynsprogrm som har arbeidstittelen "Psyken" eller "Psyken vår". 
Det skal bli ei forteljing i åtte delar, laga for primær-målgruppe ungdom 12-16. 
Idéprosessen har involvert terapeutar og forskarar knytta til Abup, og kunstnarar / mediefolk utanfrå. Kulturstiftinga Cultiva har og vore med i idéprosessen, og 27 april tek styret der stilling til om stiftinga også skal involvere seg økonomisk. 
Kjem finansiering på poass, er ambisjonen å få produsert ut heile programrekka innanfor 2015. Mi rolle har vore å drive idéprosessen framover. Eg vonar og å få ei rolle å spele i utviklinga av manus for prosjektet.  Ta kontakt om du vil vite meir og / eller har innspel! 
Comments