Frå dag til dag‎ > ‎

19. juli: Bloggen "Ein dritsekk er ein dritseklk" mm

lagt inn 19. jul. 2013, 05:53 av Bjørn Enes
          Rett før klokka 15 i dag publiserte eg bloggen "Ein dritsekk er ein dritsekk".  På Google+ ga eg han denne presentasjonen: "Det er ikkje nokon garanti for at ein har peiling på Afrika eller Arabia eller andre religionar, sjølv om ein "har vore der og sett med sine eigne auge".  Sneversyn og fordomar vert ofte verre i varme og mylder." 
          Bakgrunnen er sjølvsagt den eigenreklamen som Fjordmann spreier, dette at han har vore i Kairo og Tel Aviv og difor veit kva han snakkar om når han skriv om muslimane sine planar for Europa. Eg har møtt mange slike - best hugsar eg Dieter G. frå Hamburg. Ikkje fordi han var så ekstrem, men av di eg møtte han så tidleg i livet at han vart ein slags referanseerfaring for meg. 
          Elles er det jamn trafikk på bloggfortteljinga. Ikkje stor, men relativt jamn. Etter halvannan månad med bloggpublisering har eg blitt styrkt i trua på at dette var klokt - og at eg vil gi ut eit papiropplag. 
Comments