Frå dag til dag‎ > ‎

23. mai: Ei kjensle av å sveve.....

lagt inn 23. mai 2013, 08:06 av Bjørn Enes
I dag fekk eg konsulentkommentar til "!Til minne om Linda". Det var eit utruleg oppløftande lesestykke. Eg kan ikkje gå i detaljar - eg skal berre seie at dette fyrste, profesjonelle utanfråblikket på eit arbeid eg har balt med åleine gjennom meir enn eitt år var som å opne for ljoset inn i ein vinterkald fjellhole. Veldig oppløftande - veldig bevisstgjerande - veldig avklarande når det gjeld valg eg har gjort medvite, og valg eg har gjort utan å vere klar over det. Eg er så glad i dag!
Comments