Frå dag til dag‎ > ‎

25/8-15: Fyrste utkast til skildring av industrihistorisk prosjekt

lagt inn 25. aug. 2015, 09:09 av Bjørn Enes
Under arbeidet med debattboka "Kven skal bygge landet?" vaks ein gamal idé seg stadig sterkare: Kvart år går hundretals av umistelege forteljingar i grava med gamle arbeidskameratar - og det trass i at nær sagt alle går rundt med ein lyd- og videoopptakar i lomma. 

www.memoar.org
Frustrasjonen som i dette var ei viktig drivkraft i initiativet til å stifte Memoar. I løpet av sommaren har så ein prosjektidé mogna. Ikkje berre kan den setje fart i formålet "å fremja ein kultur for å ta vare på og dele forteljingar om levd liv" - Den kan gjere det mogleg å bruke arbeidstid på det og. Det førte fram til prosjektidéen "Kva var det som hende i 1975?" 

I dag vart fyrste utkast til prosjektskildring ferdig. Eg må få vise litt atterhald om det konkrete innhaldet i den. Eg har lagt han på nett, men teknikken fungerer slik at berre inviterte får sjå han førebels. Send meg eit spørsmål om du gjerne vil sjå - eller så må du hacke deg inn, Er du mellom dei inviterte finn du han her 

I tida mellom den fyrste idéskissa og den ferdig prosjektskildringa, har eg klart å få ein avtale med arbeidsutvalet i eit LOforbund og ei faggruppe på eit svært interessant museum om å presentere prosjektiden. Eg har hatt som formål å få avgarde ein økonomisøknad alt 2/9, men eg veit ikkje om det går. Me må ha på eit slag partnerskap fyrst. Men uansett - det går framover med gamle idear! 
Comments