Frå dag til dag‎ > ‎

25. april: Industri Energi Hordaland

lagt inn 25. apr. 2015, 07:45 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. apr. 2015, 07:48 ]
23 IE-aktivistar, dei fleste tillitsvalde frå ulike industriar i Hordaland, var dei eg møtte då eg var invitert til å halde foredraget om industripolitikk på IE Forum sitt vårkurs på Voss den 25. april. 

Det vart  eit veldig spennande møte. Det er noko heilt anna å diskutere spørsmålet om korleis Noreg faktis ser utmed folk som sjølve står midt oppe i det det handlar om. Det var ingen i salen der som såg ut til å ha problem med å forstå kva eg meiner med at iveldig mange fleire menneske er sysselsette i industriproduksjon enn det som vert fanga opp av SSB - og EOCD sine statistikkar.  Eller kor meiningslaust eit avsnitt som dette er - det er saksa frå Aftenposten, frå ein dobbeltsidig artikkel om at norsk økonomi er oljeavhengig (5 januar 2012): 

Ein må jo vere statistikar for å kunne ressonere seg ram til noko slik. Som ein av møtedeltakarnae sa: Mange ser segg blinde på ord. Av di det vert kalla "tenestenæringar" trur dei at det er noko anna enn industri. At ein underleverandør som leverer deler til ein installasjon, til dømes, ikkje er industri av di statistikarane har katalogisert han som "tenestenæring". 

Ein god diskusjon vart det. Takk, alle som var der! 


(Klikk på biletet for å få heile artikkelen i Aftenposten. 
Eg trekte han fram av di det er den einaste gongen industriklynga på Ågotnes er nemnt i ein større artikkel i Aftenposten dei siste fem åra. Det seier litt om media si interesse for kva me faktisik lever av her i landet.) 
Comments