Frå dag til dag‎ > ‎

27.sept: Det vert boklansering i Bergen og

lagt inn 28. sep. 2013, 02:01 av Bjørn Enes
Det er vel i slekt med spelegalskap, dette. No har eg tinga eit av roma i Litteraturhuset i Bergen og, for lansering. 

Fyrst brukte eg all denne tida på utvikle og skrive "Til minne om Linda". Så brukte eg endå meir tid på å omarbeide romanen til "bloggforteljing" for å gi henne bort på nett. 

Men det var ikkje det heller nok - i august måtte eg berre tinge trykking opp eit lite opplag på papir og. På eiga rekning. 

Stiftelsen Arkivet i Kristiansand er på ein måte  "mor" til denne forteljinga - det skal eg forklare meir om i lanseringsforedraget - og eg vart svært lukkeleg då dei ville sette lanseringa på sitt program. 

Men så kunne eg ikkje roe meg med det heller. Og i går bestemte eg meg altså for å lage lanseringsarrangement i Bergen i tillegg. Her er det ingen som kjenner meg, så eg tinga dette romet på Litteraturhuset sjølv. 

Vanlege spelegalningar har jo i det minste ei von om ein gevinst når de spelar bort pengane sine...... 

Ja ja. Eg gler meg likevel - både til Arkivet den 12 og Litteraturhuset den 7. november. Kan hende nokon kjem. 
Comments