Frå dag til dag‎ > ‎

2/9-15: Forprosjekt om industriminner startar i oktober

lagt inn 9. sep. 2015, 23:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 9. sep. 2015, 23:13 ]
Foreininga Memoar, Fagforbundet Industri Energi og Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet  står som samarbeidspartnarar i eit forprosjket som har søkt Kulturrådet om finansiering. Forprosjektet skal samle munnlege forteljingar om endringar i arbeidslivet/industrien i åra rundt 1975, då hundre år med vekst i industrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Eg skal vere prosjektleiar i forprosjektet. som har fått arbeidstittelen "Vendepunkt 1975". Fagleg rettleiar og næraste samarbeidspartnar vert Ingar Kaldal, NTNU.  
Ambisjonen er å starte forprosjektet i oktober 2015
Comments