Frå dag til dag‎ > ‎

29. mai: Den store avgjerda

lagt inn 29. mai 2013, 22:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. mai 2013, 22:32 ]
Litt intuisjon - litt kalkulering - men mest manglande tålmod: Etter om lag ei veke med for og mot bestemte eg at eg ville gå eigne vegar for å få "Til minne om Linda" fram til lesarar. Eg vil legge heile romanen ut bit for bit i bloggformat. Hvis det ser ut til at han får lesarar på nett, vil eg trykke opp eit prøveopplag på papir. 

Eg ser tre fordeler med dette. 

For det fyrste vil eg kunne  sjå om forteljinga fungerer. Eg trur ikkje publikum blir veldig stort på nett - dei som les bøker vil ha tilgang til heile boka og lese henne når dei vil.

For det andre kan eg kome i dialog med lesarane, avsnitt for avsnitt. Det gler eg meg mest til. Det kan avsløre svake punkt i forteljinga - det kan gi meg høve til å rette undervegs eller å lage ein versjon 2 for papir. 

For det tredje kan forteljinga ta til å leve på denne måten. Det er ei forteljing om ein by, om ei tid. Eg har noko eg vil seie med den. Noko som er for samansett til å formidle i sakprosaaformat eller i korte statements. Ambisjonen min har vore at denne "bodskapen" skal ligge både i den store strukturen og i dei små formuleringane i romanen. Hvis forteljinga får ei rolle i den store samtalen medan ho vert til - då lever ho. 

Comments