Frå dag til dag‎ > ‎

2. feb: Gud er ikkje psykolog

lagt inn 2. feb. 2015, 02:29 av Bjørn Enes   [ oppdatert 2. feb. 2015, 02:39 ]
Denne vinteren er eg med i eit spennande utviklingsarbeid i Abup ved Sørlandet sykehus. Ambisjonane er å gjere eit sprang i bruken av nye media i meir nettverksbaserte måtar å drive psykisk helsearbeid på. Men det er berre eit aspekt ved noko som for meg ser ut som eit paradigmeskifte i måten å tenkje psyke, kropp og personrelasjonar på.
 
Eit nærast banalt spørsmål konkretiserer spørsmålet om dette nye paradigmet på ein veldig spennande måte: Viss me skal lage ein "teiknefilm-karakter" - Korleis skal då "Psyken" sjå ut? 

Det reiser sjølvsagt ein anna spørsmål med ein gong: Korleis såg  "Psyken" ut før? (Eller snarare - korleis er me NO vande til at han/ho ser ut?) 

Dette sære spørsmålet har eg skrive ein refleksjon om - og den som måtte vere særskilt interessert kan finne han her .  Påstanden i overskrifta er henta frå eitt av underpunkta i refleksjonen. 
Comments