Frå dag til dag‎ > ‎

2. mars: Foredrag i Flekkefjord

lagt inn 1. mar. 2015, 21:31 av Bjørn Enes
Eg har blitt sltt over kor uhyggeleg relevante for dagen i dag dei er, dei reportasjane eg laga i 94 - 96, basert på reiser i Rwanda og det tidlegare Jugoslavia.  Nokre menneske "slår seg opp" på å mane fram truslar frå menneskegruper dei peikar ut som "annleis". Gjennom stadige påstandar om at desse "andre" planlegg overgrep mot "oss", manar dei fram eit hysteri som - i Rwanda 94 og i Srebrenica -95 - enda med massakrar. Dette vil eg snakke om i Flelkkefjord i kveld. 
Comments