Frå dag til dag‎ > ‎

30/7-15: Manus levert

lagt inn 5. aug. 2015, 21:13 av Bjørn Enes
Gjennom eit sju månader langt arbeid med ein tre månaders sluttspurt har eg hatt ansvaret for å sy saman innpsel for ei stor gruppe fagpersonar til eit grovmanus for åtte TVprogram om psyken si utvikling frå vogge til alderdom. Den 30 juli kunne eg levere resultatet til leiaren for Abup/SSHF (Avdeling for barn og unges psykiske helse ved Sørlandet Sykehus) og produsenten - leiaren for produksjonsselskapet Media-Service i Arendal. 

Manus vart levert som ei nettside der og forhistoria / tidlegare versjonar av dei ulike forslaga er med. Nettsida er lukka og kan berre lesast av involverte, men ein kortpresentasjon vil etter kvart bli publisert ope på adressa www.psyken.no. Det vil også bli adressa til programserien si framtidige nettside, om avdelingsleiar og produsent fylgjer mine forslag.

No tek regissør Lisa Enes, produsent Svein Tallaksen og hovudfotograf Håvard Stiansen over den mediefaglege utviklinga. Mi rolle vert tona kraftig ned - med mindre dei eller Abup ynskjer å trekkje meg inn att. 

LYKKE TIL I NESTE FASE!
Comments