Frå dag til dag‎ > ‎

5/8-15: "Angsten for et helt alminnelig liv" er påmeldt BIFF

lagt inn 5. aug. 2015, 21:33 av Bjørn Enes
Kortfilmen / dokumentarfilmen "Angsten for et helt alminnelig liv" har vore under arbeid sidan januar 2012 - for ikkje å seie endå lenger. Me møtte hovudkarakteren - Vilde Kalvik - under arbeid med ein helsedokumentar om OCD - "Obsessive Compulsive Disorder" heilt attende i 2010.  Ho gjorde sterkt inntrykk, både som forteljar og tenkjar. Frå eit prosjekt som handla om angst vart filmen etter kvart til eit prosjekt som handla om den eksistensielle krisa til ein heil generasjon, dei flinke, vellukka 20-åringane i den tida me er i no. 

Onsdag 5/8 sende produsent Frode Vestad filmen som påmelding til Bergen Internasjonale Filmfestival. Mi rolle har vore manus, research og intervju i den tidlegaste fasen. Omlag midt i arbeidet vart også Kristian Landmark trekt med på regi, vidareutvikling av manus og intervju. Alt saman mer leia og samansydd av produsent og fotograf Frode Vestad. Og Vilde si eiga rolle må ikkje undervurderast - som premissleverandør og intervjuobjekt nummer ein.

Me kryssar fingrane for at programkomiteen i Bergen Internasjonale Filmfestival ser kvalitetane i filmen!  
Comments