Frå dag til dag‎ > ‎

5. jan: Nytt år - ny spenning

lagt inn 4. jan. 2015, 22:58 av Bjørn Enes
Ny timeliste påbegynt, Sluttrapportar skrivne og sende - skisser av nye idear og planar skribla serviettar og blanke avisfelt gjennom romjul og nyttårshelg. 
For min del kjem samarbeidet med ABUP i Sørlandet Sykehus til å vere sentrum i alt arbeid i alle fall dei to fyrste vekene - fram til ein spennande workshop som skal vere den 14/1. Publisering av Ventelisteskolen, fortsett arbeid med TVprogrammet Helsestudio1, fullføring av to dokumentarfilmar i serien Film mot angst
men så er det dette nye som enno berre er skribleri på serviettar: Eit år med 1700 timar skal fyllast - nokre få hundre av dei er planlagde alt, resten er på det uvisse. 
Eg spyttar i nevane og tek fatt. O - hiiiv!
Comments