Frå dag til dag‎ > ‎

5. sept: Boklanseringa vert den 12. november :-)

lagt inn 5. sep. 2013, 04:01 av Bjørn Enes
Då er det klart at lanseringa av bokversjonen av "Til minne om Linda" skal gå føre seg i den (for meg i alle fall) best tenkjelege ramma: 

Det blir om kvelden på tysdag den 12. november på Stiftelsen Arkivet i Kristiansand.  Arkivet har utvikla seg til ein insistusjon som arbeider med nett det same som eg er opptatt av: Forteljinga om det som hende. 

Utgangspunktet for Arkivet er den store krigen. Men heilt frå fyrste dag, har eldsjelene som bygde dette senteret for historieformidling og fredsbygging vore fokusert på at arbeidet skal sjå framover: Tilgje - aldri gløyme - lære av historia. Det har vore formelen. Det er i den tradisjonen eg og har freista lage ei forteljing. Det vil jo vise seg i vekene etter 12. november om mi forteljing får ein funksjon eller ei. Men uansett trur eg det vert ein fin kveld den 12/11. 

Comments