Frå dag til dag‎ > ‎

7.april: Alle har ei historie å dele!

lagt inn 7. apr. 2015, 06:17 av Bjørn Enes
I nokre veker har eg arbeidd med ein prosjektide saman med ein gamal og to nye vener: Det handlar om å bygge ein struktur som gjer det lettare for folk å ta vare på og dele livsforteljingane sine. Det er ein ambisiøs ide, den krev ikkje berre målretta organisasjonsarbeid for å gjere dette til ein "kultur" - men den krev og arkivressursar i form av serverar, eit metadatasystem og ein vedlikehalds og utviklingsorganisasjon. Etter mitt syn kan den ikkje vere privat. Sjokket etter konkursen i Fotoknutsen, der mange tusen menneske mista det private fotoarkivet sitt over natta, sier med all tydelegheit at slike oppgåver er ei samfunnsoppgåve, det er noko som bør ligge under det offentlege arkivverket. Med dei smalspora ideologiane som styrer det offentlege Noreg no om dagen, vert dette kanhende fyrst og fremst ei politisk oppgåve å kjempe for. Idag  strevar eg med å lage ei presentasjons-nettside som me kan bruke til å få fleire med oss i arbeidet. Vi du kikke ossi korta kan du sjå her: https://sites.google.com/a/enes.no/memoar/home
Comments