Frå dag til dag‎ > ‎

8. mai: Flagget til topps for sigeren mot fascismen

lagt inn 8. mai 2013, 00:03 av Bjørn Enes   [ oppdatert 8. mai 2013, 00:07 ]
Det heng slapt og utan rørsler. Brått kom våren i dag. Alt tyder på at naturen kjem til å eksplodere av liv og glede dei næraste dagane.  

Eg tenkjer på alle dei som gav liva sine for at verdas folk skulle kunne leva saman som likeverdige. Dei opna for ei framtid der ulikskapar kan utfylle kvarandre og menneska óg kan la seg begeistre av livet sitt mangfold.

Måtte sludd, sørpe og surmagar tørke bort - fort!!
Comments