Frå dag til dag‎ > ‎

13/9-14: ABUP Agder startar TVsendingar

lagt inn 12. sep. 2014, 23:54 av Bjørn Enes   [ oppdatert 12. sep. 2014, 23:55 ]
Eg har vore heldig å få vere med på å utvikle Noregs fyrste sjukehusfjernsyn! Det er avdeling for barn og unge si psykiske helse (ABUP) ved Sørlandet Sjukehus HF som startar med eigenproduserte fjernsynsprogram til befolkinga i Aust- og Vest-Agder frå sundag 14. september i år (2014). 

Det er mange tankar å gjere seg om dette. Heile mediekomplekset er i enorm endring. Mediefolk sjølve er like blinde som alle andre som står oppe i kriser der alt rasar rundt dei - dei trur at det er ei slags undergangstid. Men det er det ikkje: Det er forteljarmonopolet til presse-eigarane som går under. Det opnar ikkje berre vegen for folk som vil overta pengestraumane som tidlegare rant jamnt og trutt inn i mediehusa: Det opnar nye vegar for folk som vil fortelje av andre grunnar enn å tene pengar og. Det synest eg er interessant. 
Comments