Frå dag til dag‎ > ‎

Bondestudentar

lagt inn 11. apr. 2013, 00:53 av Bjørn Enes
Jaq, sa eg, eg kan godt hjelpe til. Bergen Mållag skulle trasse manglande interesse frå dei fleste som løyver pengar til slikt og likevel setje opp eit stykke forteljarteater. Det er den 76 år gamle Liv Hatle frå Romsdal som har laga ein tekst der ho fortel om livslinene og vegvala til Arne Garborg sin karakter Daniel Braut i "Bondestudentar" og jamfører dei med sine eigne. Det er fascinerande å sjå og høyre på. Ho er som eit stykke grunnfjell som stikk opp - midt i kaffelatte-ørkenen ......  Det vart dagar og netter då eg ikkje fekk gjort anna enn å brenne for Liv og forteljinga hennar. Eit av resultata vart www.bondestudentar.no 
Comments