Frå dag til dag‎ > ‎

22. aug: Avgjort - Bloggforteljinga vert til bok :-)

lagt inn 22. aug. 2013, 06:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. aug. 2013, 03:01 ]
Det er alltid godt å ta ei endeleg avgjerd! Eg har jo hatt i bakhovudet at "Til minne om Linda" skal bli bok ein gong. Men no er det altså avgjort! 
Eg går min eigen veg: Eg finansierer korrektur, design, trykk og lagerhold. Tenestene kjøper eg frå Portal Forlag, men det vert ikkje dei som gir ut boka: Det vert eg. Dei er "berre" teknisk leverandør. 
Eg vil ha kontrollen sjølv. Det er ei forteljing som eg har tru på - det vil seie at eg trur forteljinga er viktig. Sjølvsagt ville den rekt ut til fleire om eg hadde gått gjennom dei tradisjonelle forlagskanalene - men eg likar ikkje å bli vurdert opp mot kommersielle kriteria. 
Så eg bruker endå meir tid på forteljinga om Linda og dei andre, medan eg arbeider med ei ny forteljing. Så får me sjå korleis det går - kva som hender etter 11/11...... 

Comments