Frå dag til dag‎ > ‎

Sanskrit

lagt inn 5. sep. 2013, 03:46 av Bjørn Enes
Eg skulle gjerne lært meg Sanskrit. Det virkar som eit språkleg operativsystem som ligg i botnen av den menneskelege tenkinga slik den har utvikla seg i India, Midt-Austen og Europa. Eg strevar med å forstå systematikkene i Nyaya - den hinduistiske erkjenningsfilosofien - i dag. Men det er bort imot umogleg når eg tenkjer med basis i norsk språk. Eg er redd at me rett og slett har vore så få og så like på ein annan  så lenge her i landet, at språket vårt har teke skade av det. Eg skulle ynskje at eg hadde sett dette før - for no ser det uoverkommeleg ut å løyse problemet  gjennom  å lære Sanskrit. Lite von ville det vel og ha vore om å finne noko diskusjonsforum for prøving av erkjenningane  om eg hadde vore yngre og hatt tida. Kva kan eg  då gjere?
Comments