Frå dag til dag‎ > ‎

"Til minne om Linda" lever sitt liv...

lagt inn 3. jun. 2017, 02:09 av Bjørn Enes
Bloggforteljinga eg publiserte i 2013 lever eit liv på nett: Heile forteljinga ligg ute som blogg på adressa http://bloggforteling.blogspot.com.  Eg ser av statistikken at det stadig er ein og annan innom og les - bloggen passerer snart 30.000 oppslag.  

Sjølv meiner eg at forteljinga er aktualisert av hendingane etter 2010, og at hovudpåstanden er aktuell som aldri før: Terror i denne samfunnsfasen må analyserast som "kjedereaksjonar" på nedbygginga av dei gamle, hierarkiske samfunns-, økonomi- og kulturformasjonane. Historisk sett er avviklinga av hierarkiet eit frqamsteg, eit stort skritt på det Marx kalla vegen frå naudsynet til fridomens rike. Men alle framsteg utløyser reaksjon, og dei reaksjonære kreftene er ikkje berre gamle maktmenneskje som tapar posisjon - det er også mange av dei "små" som leitar febrilsk etter nye pyramidar å klatra eit trinn eller to i. Finn dei ikkje reellt eksisterande pyramidar, så er det freistande å laga seg virtuelle. Som til dømes ei "motstandsrørsle" mot ein "muslimsk invasjon" eller andre konspirasjonar. 

Donald Trump er ein versjon av forteljingas Kent Karlsen, og ein like typisk del av desse reaksjonære kreftene som IS er det. Me får sjå om mi forteljing etter kvart kan gjera nytte som eit diskusjonsinnlegg i den store samtalen om kva det eigentleg er som hender i verda nett no. 

OBS: Det hasr fram til no eksistert to snarvegar til bloggforteljinga, to kortare domenenamn. Beggfe desse har eg sagt opp, slik at det no berre er adressa bloggfortelling.blogspot.com som gjeld. Eg har også laga til  loggforteljing.enes.no fgor å kompensera for dei to som no sluttar å virka: bloggforteljing.no og Bloggfortelling.no 

 
Comments