Kulturprosjekt‎ > ‎

Mediehuset ABUP

«Mediehuset ABUP»

Film mot angst:



http://www.tvagder.no/helsestudio1
Alt psykisk helsearbeid handlar om kommunikasjon – og sidan me står midt oppe i ein kommunikasjonsrevolusjon, må det få konsekvensar for helsevesenet. 

Både born, unge og pårørande kommuniserer i nettverk – på godt og vondt. Det siste kan me ikkje gjere så mykje med, difor er vår haldning at me fyrst og fremst må søke deimoglegheitene som kommunikasjonsrevolusjonen har opna.

I 2015 og 2016 er planen å organisere dette arbeidet som et prosjekt. Me kallar det «Mediehuset ABUP» for å stille skarpt at metodeutviklinga handlar om kommunikasjon, og at verktøya langt på veg er dei same som «den fjerde statsmakt» var aleine om å rå over tidlegare: Trykksaker, audiovisuelle media og - ikkje minst - nettverksmedia. 

Me vil utvide metodane våre frå den gode samtalen i terapiromet til sosiale media, «tusen språk» gjennom alternative uttrykksformer, og massekommunikasjon gjennom TV og trykksaker. Me vil og legge til rette for «sjølvbetening» gjennom elæringsprogram, kunnskaps- og erfaringsutveksling.

Konkret skal prosjektet videreutvikle abup.no, Nesten HelgMånadens Tema,Helsestudio1, psykoedukativ film, musikkprosjektet Abup Road, foredragsserien Abup talks og TVmagasinet Psyken vår.  

I tillegg skal me starte arbeid med eit ABUP-akademi, E-læringsprogram / "appar" og forsking på samfunnsretta psykisk helsearbeid. Prosjektleiar er Gro Anita Kåsa Poulsen, medan mi rolle er å assistere henne. Eg er ikkje tilsett på ABUP i prosjektperioden, berre engasjert på timebasis. 


Samarbeid med eksterne aktørar

Strategien med å mobilisere alle gode krefter for born og unge si psykiske helse er i røynda og ein strategi for å vidareutvikle den «kompetanseklynga» som ABUP alt er del av. Ho er sett saman av personar, institusjonar og bedrifter innan helse, akademia, media, kunst, kultur og informasjonsteknologi. Styrking av denne klynga har både helse- og næringsmessige perspektiv. 

Eit av dei fyrste tiltaka i 2015 vert ein workshop med slike eksterne aktører den 14. januar. Vi vil orientere dei om ABUP sine ambisjonar og behov, og idéstorme om moglege framtidige samarbeidsprosjekt. Finansiering av slike samarberidsprosjekt blir og et viktig tema.


Peikarar: 

Nettsida abup.no, 

Nesten Helg

Månadens Tema,

Helsestudio1

psykoedukativ film

Musikkprosjektet Abup Road

Foredragsserien Abup talks 

TVmagasinet Psyken vår.



Comments