CV - Bjørn Enes

Bjørn Enes - journalist

Eg har utdanning som fagarbeidar i elektrometallurgisk industri (fagoperatør), men sidan 1993 har eg arbeidd som journalist, kommunikasjons-  og kulturarbeidar. 
Sidan februar 2012 har eg bustadadresse i Bergen.

Utdanning: 
1970: Examen Artium som privatist – Engelsklinje med musikk. Hovudkarakter: Mtf.
1982: Fagbrev som fagoperatør i elektrometallurgisk industri. 
1994-2002: Ei rekke kortkurs ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad. 

Yrkeserfaring:
Sommaren -68: Dagarbeidar på Kirscbach sitt sementstøyperi i Vennesla. 
Sommaren -69: Hunsfos Fabrikker - skiftarbeidar i Kollerganga på Papirmaskin 1 og 2
Sommaren -70: Dagarbeidar på Mattelutingsanlegget, Falconbridge. 

Aug. 1970 – Des 1971: 
Frilansjournalist- det meste av tida på ei lengre reportasjereise i nord-, vest- sentral- og aust-Afrika. 
Stoffleveransar til Arbeidernes Pressekontor og Fædrelandsvennen.

Jan 1972 – Mai 1993: 
Industriarbeidar ved Falconbridge Nikkelverk AS i Kristiansand. 
  • 72-80: Driftsoperatør i Mattelutingsanlegget – eit av dei fyrste industrianlegga med elektronisk styring i Noreg. 
  • 80-86: Fagforeiningsformann  i avd. 40 av Norsk Industriarbeiderforbund. 
  • 86-90: Driftsoperatør i Roste- og Smelteavdeling – arbeid med omstilling nedlegging og til sist riving av eldre prosessutstyr. 
  • 90-93: Driftsoperatør i Elektroavdeling.

Juni 1993 – Nov 2002:
Journalist i mediehuset Fædrelandsvennen 
  • 93-97: Avisjournalist, allround, nyhende og kultur-feature. 
  • 97-02: TVjournalist, produsent og utviklar i dotterselskapet TV Sør. 

Des 2002 – i dag:
Frilansjournalist 
  • Faglitterære bokprosjekt (sjå vedlegg)
  • Dokumentar-, helse- og undervisnngsfilmar (sjå vedl.)
  • Prosjektarbeid innan kommunikasjon, informasjon og utvikling av kulturnæringar (vedl)
  • Jan 2003 – nov 2011: Deltidstilsetjing som informasjonsarbeidar ved Sørlandet Sjukehus 
  • Jan 2007- Apr 2009:  Redaktør og prosjektleiar – utvikling av digitalt tidsvitnearkiv: Fem freds- og menneskerettssentra gjekk saman om å bygge eit sams arkiv av tidsvitneforteljingar og anna audiovisuelt innhald til bruk i undervisning og formidling. Mi rolle var prosjektleiar i forprosjekt og redaktør i oppstartperioden.
  • Sept 2009- nov 2012: Produsent i produksjonsselskapet Gullveig AS.  Forprosjektleiar og leiar då selskapet var etablert. Produsentselskap som tok utvikling av film-, litteratur- og kommunikasjonsprosjekt. 
  • Des. 2008 – Feb 2011: Deltidstilsetjing som prosjektleiar i Universitetet i Agder. Prosjektet First Motion arbeidde for internasjonalisering av audiovisuell / cross-media innhaldsproduksjon i Nord-Europa. Samarbeidspartnerane var frå sju land, lead partner var Filmförderung Hamburg & Schleswig-Holstein og hovudfinansieringa kom frå EU (Interreg/Østersjøprogrammet) Mi rolle var norsk prosjektleiar.  
  • Juli 2011-Jan 2012: Informasjonsmedarbeidar i kulturstiftinga Cultiva (deltid): Eg hadde ansvar for eit kommunikasjonsprosjekt i samband med utvikling av ei strategisk satsing på barne- og ungdomskultur. 
  • 2013 - Skjønnlitterært prosjekt: Eg har nytta ein periode med få oppdrag til å utvikle det skjønnlitterære prosjektet ”Til minne om Linda”  - ei blogforteling som vert publisert på adressa www.bloggforteljing.no. 
  • 2014 - engasjert av Manifest Analyse i faglitterært prosjekt om industripolitikk.   Manusforfattar og produsent for Dokufilm i prosjektet "Film mot angst" i samarbeid med Sørlandet Sykehus  og Mental Helse.    Engasjert av ABUP ved Sørlanet sykehus til tekstutvikling i tilknytting til avdelinga sitt samfunnsretta psykiske helsearbeid.   


Bergen, august 2013 




Bjørn Enes 



Viser 0 artikler
NameTitleYears With UsExtension
Sorter 
 
Sorter 
 
Sorter 
 
Sorter 
 
NameTitleYears With UsExtension
Viser 0 artikler
Comments