Sakprosa‎ > ‎Industri 3.0‎ > ‎

3. Kva er ein industriell revolusjon?

«Dei industrielle revolusjonane var sprang i mennesket sine emne til å omforme naturen. Dei hadde enorme sosiale konsekvensar og føresetnader – men dei hadde ein teknologisk kjerne.»

Det er fyrstekonservator Kjetil Gjølme Andersen ved Norsk Teknisk Museum på Kjelsås, Oslo, som seier dette. Og så renn det fylgje- og underspørsmål ut av han: Kunne det skjedd utanfor Europa? Var det resultat av – eller var det årsaka til omforminga av landbruket, endringa av makttilhøva, den geopolitiske organiseringa? Var det overgangen frå spesialiserte maskinar til «general purpose»- maskinar som var essensen – eller var det disiplinering av arbeidskrafta?

Han snakkar om to industrielle revolusjonar: Ein rundt 1800 og ein rundt 1900. Det var behov som oppstod ved inngangen til 1700-talet som fyrst dreiv fram utviklinga. Dagbrota i kolgruvene i England var tømde – dei måtte grave lenger ned, og då fekk dei problem med vatn i gruvene. Fyrst laga dei eseldrivne stempelpumper, men dei var sårbare.

«Thomas Newcomes fyrste moderne dampmaskin (1712) var ikkje laga for revolusjon, den var berre ei eselfri gruvepumpe.»

Det gjekk endå eit halvt hundreår før James Watt – under arbeid med å reparere ein Newcomen-maskin – kom på at ein forbetra versjon også kunne brukast til å drive andre maskinar. Watt tviheldt på patentrettane sine og bremsa utviklinga heilt til rettane gjekk ut, mellom anna nekta han folk å setje dampmaskinar i skip heilt til 1800.

Teknologiutviklinga skaut fart då patentet vart fritt. Då den automatiske spinnemaskinen - «Spinning Jenny» - vart kopla saman med Watts dampmaskin, steig produktiviteten så enormt at investorar fekk feber og arbeidsfolk fekk panikk. Dei siste gjekk til angrep på spinnemaskinane og skapte det evig aktuelle omgrepet «maskinstormar» om folk som vil stoppe den teknologiske utviklinga med makt og vald, av di dei fryktar framtida.

«Maskinveven, spinnemaskinen og dampmaskinen var alle uttrykk for sprang i handverkskunsten», seier Gjølme Andersen. Maskinane var spesialiserte – «single purpose»-maskinar, dei var laga i verkstader på handverksmessig vis. Men dampmaskinen var eit tidleg døme på ein ny sort alt-mogleg-maskin – «General Purpose» eller berre GP. Han kunne brukast i gruver og tekstilfabrikkar, sagverk og heisekraner – den kunne til og med gjerast mobil og setjast på hjul, skjener eller i båtar. Og di fleire område som tok i bruk dei nye, mekaniske ideane, di fleire nye idear vart skapte.

Om dette var årsaka til eller resultat av opplysningstida, høyrer til dei store diskusjonsspørsmåla. I alle høve fall dei saman i tid, og utviklinga gjekk snart så fort at det vart til eit sprang eller eit paradigmeskifte i heile den teknologiske kulturen:

Mot slutten av 1800-talet var ikkje lenger handverket referanseramma for teknologien: Ein kan seie at maskinane vart si eiga referanseverd. Ingeniøren tok over rolla til handverkaren. Handverkskunst vart til ingeniørkunst, teknologi vart ein eigen vitskap. Kunnskapsrevolusjonen fram mot slutten av 1800-talet smelta saman med konstruktør og ingeniørkunstane, og resultatet vart den andre industrielle revolusjonen. Og det var den som industrialiserte Noreg.


Den fyrste industrielle revolusjonen

Eit sprang i utviklinga av mekanisk kunnskap spreidde seg frå Storbritannia (1750–1880) ut over Europa og USA.

Sentrale teknologiske sprang var dampmaskinen (1769), maskinveven (1785), lokomotivet (1805), propellen (1827).

I Noreg skaut tekstilindustrien fart frå 1845, mekanisk verftsindustri frå 1860, damphøvleri og -sager frå 1870 og tremasse- og papirfabrikkar frå 1880. Mykje kom i storbyane, men dei fyrste industristadene oppstod òg rundt viktige vassdrag.

Den andre industrielle revolusjonen

Eit sprang i kunnskapane om elektrisitet og kjemi. Tyskland var lenge i front (1880–1914).

Viktige teknologiske sprang var kraftverk, kjemiske og elektrokjemiske oppfinningar, olje som smørjemiddel, råstoff og brennstoff, samlebandet som standard for masseproduksjon, massekommunikasjon.

Noreg vart for alvor industrialisert i denne fasen.Vasskraftbasert elektrokjemisk og elektrometallurgisk industri vart fundamentet for det moderne Noreg.


Odda – og den andre industrielle revolusjonen

Terje Kollbotn går som eit levande stykke industrihistorie og fortel om Odda Smelteverk.

«Det lever i beste velgåande!» seier han. «For dette», seier han, og slår armen ut mot dei gamle, kalde bygga som for kort tid sidan delte byen i to uforsonlege leirar, ein for og ein mot ideen om å gjere industriruinen til freda verdsarv – «Dette er i drift den dag i dag, berre ikkje her.»

Kort fortalt vart Odda Smelteverk kjøpt opp av ein konkurrent i 1998, og slått konkurs fem år seinare. Alt maskineri vart selt til eit kinesisk selskap – som flytta det, monterte det og sette det i drift att. Til og med hjelmane og arbeidsdressane til smelteverksarbeidarane skal vere i bruk, med namneskilt og det heile.

«Er det rart at folk her er bitre? At mange ynskjer å jamne dette med jorda?» seier han.

«Fortel om starten,» seier eg, og Terje fortel så eg ser dei yre rundt meg: Alle desse storfolka som hadde vore inn fjorden fleire gonger alt, som gjester eller rævediltarar etter keisar Wilhelm for å sjå på Tyssefaldene og kjenne Sehnsucht og diskutere Verstand und Gefühl. Då Samuel Eyde inviterte dei rikaste av dei til å bli med på å temje den veldige naturen og skape «kvitt kol» og bygge verda sin aller største karbidfabrikk i Odda – då slåst dei om plassane på teikningslista.

«Det var så ambisiøst at det er ikkje til å tru! På to år – frå 1906 til 1908 – skulle dei konstruere og bygge noko som verda aldri hadde sett make til.»

Folk kom over fjellet i flokk og fylgje: Rallar og kokketaus, smedar og hestehandlarar, skytebasar og teglbrennarar. Det vart slikt eit liv og røre at folk som høyrde bygda til, trekte seg unna. Dei selde gardar og jord med stor forteneste, dei som budde slik til at kapitalistane hadde bruk for grunnen, men elles lukka dei seg inne som best dei kunne. Dei delte kommunen i to, til og med, for å sleppe å ha noko med sedløysa og kjemilukta å gjere.

Ikkje mi heller! sa bøndene, og stengde Ungdomshuset for folk som ikkje var fødde i bygda. Nu jäklar! sa rallaren, og bygde Folkets hus og gjorde Odda til ein raud kommune («Vetle-Moskva») og Noreg til eit moderne land.

Karbid var reine trolldomsmaterialet. Sett til vatn, så strøymde acetylengass ut. Opphavleg var han tenkt til kvitt lyktelys i engelske kolgruver. Så ville heile verda ha kvitt lys. Kort etter kom den nye teknikken som skulle gjere skam på all bygging av store stålkonstruksjonar: Gassveising. Hiv karbid i vatn – og du får acetylengass, og så kan du sveise kor helst i verda du vil – under vatn, til og med! Karbiden gjorde ende på hundreår med klinking og nagling av stålkonstruksjonar.

Odda er ei konsentrert historie om den andre industrielle revolusjonen – og om omskapinga av Noreg til ein industrinasjon.



«Mitt eige» eksempel: Nikkelverket

Der var ein gong ein ung svensk ingeniør som heitte Victor Noach Hybinette. Han var andre generasjon innvandrar, faren var ein italiensk hovslagar og smed i Dalarnas län. Victor vart fødd i april 1867, så å seie samtidig med at Werner von Siemens publiserte oppfinninga av dynamomaskinen som kunne gjere mekaniske rørsler om til elektrisitet. Tjue år seinare vart Victor uteksaminert «mekanisk och kjemisk ingeniør» frå Chalmers Teckniska Läroanstalt «för fattiga barn, som lärt sig läsa och skrifwa» i Gøteborg.

Han kom inn i vitskapsverda midt i ein kunnskapsrevolusjon. Verda var ikkje lenger bygd av fire element (vatn, luft, jord og eld) – ho var bygd av grunnstoff. 63 slike var så langt blitt påviste og systematiserte i det periodiske systemet (i dag er det 118). I Uppsala var dei gamle professorane i opprør over ein ung doktorand som meinte at alle desse stoffa kunne løysast opp, endrast og setjast saman på nytt. Han heitte Svante August Arrhenius, han fekk strykkarakter for teorien sin i Uppsala 1887. 16 år seinare (1903) fekk han Nobelprisen.

Victor Hybinette tok Arrhenius sine teoriar med seg ut i det praktiske livet. Fyrst på koparverket heime i Falun, så på Hommelvik koparverk ved Trondheim og så på Oxfordverket i New Jersey. Heile tida arbeidde han med nye måtar å løyse opp, endre og setje saman stoff på.

Jorda er som ein smelteomn. I badet inst, flyt dei tyngste grunnstoffa i evig reaksjon med kvarandre. Av og til sprenger reaksjonane seg ut gjennom skorpa me lever på. Vulkanar sprutar berre ut lette stoff og slagg. Men nokre gonger i historia – ved nedslag av enorme meteorar kan hende – har metall frå det indre badet storkna heilt ute der me kan nå det. Problemet er at det sjeldan storkna i rein form. Der nikkelgehalten er høg, til dømes, er han berre eit par prosent av malmen, og attpå til er han bunden til svovel og blanda med koparsulfid, koboltsulfid, jarnsulfid og stort sett alle andre stoff som kan binde seg til svovel.

Men i eit laboratorium i New Jersey beviste Hybinette at han kunne løyse desse kompliserte bindingane, endre dei gjennom ikkje altfor lange reaksjonsrekker – og sette dei saman att som reint metall gjennom elektrolyse: Nikkel, kopar, kobolt og edle metall som platina og gull. Han fekk verdspatent på metoden i 1906. Men han fekk det ikkje til i storskala, og eigarane han arbeidde for, trudde ikkje på metoden. Den ville bli for dyr. Det ville krevje for mykje straum.

Så råka han Anton Grønningsæter frå småbruket med same namn, høgt i Sunnmørsalpane. Han òg hadde gjort ei klassereise, via Trondheims Tekniske Læreanstalt og Det kongelege saksiske bergakademi i Freiberg til New Jersey. Dei hadde to ting sams: Dei interesserte seg for nikkelraffinering – og dei likte seg ikkje i USA. Der var kaldt på toppane, og nedover i klassane vart folk hersa med på måtar som smed- og småbrukarsønene likte dårleg. Så då spørsmålet kom frå norske investorar som ville bygge nytt nikkelverk, slo dei til. Fyrst Grønningsæter – seinare Hybinette.

I Kristiansand var der ei veldig tru på elektrisitet ved hundreårsskiftet. Om ikkje ho var til å fatte, denne krafta som kunne hentast ut frå ein kvardagsleg foss og gjerast til reine magien av dynamomaskinar og generatorar, hadde folk tru på at det var pengar å tene på henne. Straum kunne gi lys og varme, den kunne hente gjødsel rett ut av lufta og nysølv rett opp av gjørmete syrebad! Dei som hadde noko å investere, stod i kø då det vart snakk om å bygge kraftstasjon på Kringsjå, ved den buldrande Steinsfossen, knappe tre mil nordafor Kristiansand. Den hadde stått ferdig alt i 1900, men var ikkje blitt til nokon pengemaskin likevel, for byen hadde klart seg godt med gasslykter og vedfyring. Så då Grønningsæter og Hybinette kom og spurde seg føre, var det kjøpar sin marknad på straum i Kristiansand. Grunn fekk dei og, dei kjøpte Smedmyra i Kolsdalen, rett vest for sentrum, med stupbratt sjølinje og plass til djupvasskai.

Dei lokka ei kjerne av erfarne industriarbeidarar frå Evje. Resten av arbeidsstokken melde seg sjølve, det var folk med hovud og hender vande frå sjømannsliv og fiske, småbruk og anlegg. Dei hadde dette kvardagslege med seg som folk har, når dei aldri har sett ein levande adelsmann. Dei flirte av herrar som såg seg sjølve som noko meir enn andre, dei mangla respekt og age for titlar, stamtre og pengar. Men dei likte Grønningsæter. Dei sa «du» til han, og det var signal om respekt. For han sette seg med kven som helst for å diskutere korleis dei skulle få prosessen til å gå. Og det var difor dei fekk prosessen til å gå òg, det sa Grønningsæter fleire gonger, ifylgje dei som kjende han. Han heldt på heilt til 1968.

Kunnskap, kraft, kyst, kultur. Difor kom Nikkelverket til Noreg i 1910. Og slik var det i Meråker 1898, Hafslund 1899, Ålvik 1905, Odda i 1906 – og mange, mange fleire. Kunnskap, kraft, kyst, kultur.


Lange liner i Stryn

Store utviklingstrekk er lettast å sjå på små stader. Eg drog til Stryn i Sogn og Fjordane, Noregs fjerde mest industrialiserte fylke (etter Møre og Romsdal, Vest-Agder og Buskerud). Der har både dei som stod for den fyrste og den andre industrielle revolusjonen, og dei som driv på i dag, fornamn og slektningar som folk møter på butikken til dagleg. Og om aldri spørsmålet har dukka opp før, er ein nøydd til å spørje seg der: Kor mange industrielle revolusjonar har det eigentleg vore?

Det står ein rosa traktor utanfor ein garasje i Stryn sentrum. Dei som måla han, har gjort seg verdsberømte på å vere frå Stryn. Dei er den største merkevaresuksessen i heile bygda, seier dei. Det er noko å skryte av, for dei som kjempar om statusen er Moods of Norway, Ricco Vera, Skogstad Sport og Innvik Sellgren (møbeltekstil). Utanfor tekstilbransjen finst i tillegg Nordfjord Kjøt, Olden Brevatn, Stryntrappa, Pretre (takstolar), Tonning Møblar og Vidre AS (bussproduksjon).

«Her er ein kultur for å prøve seg!» seier Geirmund Dvergsdal. Han er næringssjef i Stryn. Før det var han forskar med entreprenørskap som hovudemne.

I 1885 drog den 23 år gamle Wald P. Skaaden (1862–1943) frå Innvik til Amerika. Etter berre fem år i den nye verda kom han heim med den fyrste industrielle revolusjonen i Stryn. Det var ein spinnemaskin. Han laga vasshjul, og elva dreiv spinnemaskinane i ti år. Då hadde Skaaden lagt seg opp pengar til både dampmaskin og vevstolar.

Ikkje før var maskinsalen installert, så braut den andre industrielle revolusjonen ut, og alt i 1903 bygde han kraftstasjon og fekk lys til nattskiftet og etter kvart nye elektriske maskinar. Slik var starten på Innvik Uldvarefabrik og tekstileventyret i Stryn. Lina er ubroten fram til Innvik Sellgren AS som i dag framleis produserer tekstil ved elva i Innvik. No er det møbelstoff til B2B-marknaden – «business to business» – stort sett møbelprodusentane på Sunnmøre.


Skaaden sin suksess i Innvik må ha trigga utvikingane sju kilometer lenger ute i fjorden. Den sju år eldre Anders Hansen brukte litt lengre tid på å legge seg opp startkapital i Amerika, men så gjekk han rett på kraftverk og maskinsal då han kom heim og starta Elvebøfoss Fabrikker på Sandane i 1907.

Med to tekstilfabrikkar i bygda, tok det ikkje lange tida før folk sette i gang med skreddararbeid og konfeksjon. Hallstein Skogstad, til dømes. Han starta skreddarforretninga si eit steinkast frå ullvarefabrikken i 1936. Eit hakk lenger inni fjorden, i Olden, sette to karar i gang Kvamme & Sunde Konfeksjon AS i 1946.

Tre generasjonar etterpå ligg Skogstad si skreddarverksemd på same staden, men no er dei eit av dei største merkenamna innanfor sports- og fritidsklede. Kvamme har blitt til Ricco Vera, medan Sunde lever vidare som bunadsprodusenten Frislid.

Tekstilindustrien var stor i Noreg frå den fyrste industrielle revolusjonen og fram til midten av 70-talet. Då fór sjølve produksjonen til Asia. Konfeksjonsindustrien si historie var kortare – han konkurrerte ikkje ut sydamene og heimeproduksjonen før på 50-talet – og etter -75 fór den produksjonen òg til Asia.

Men industriane vart ikkje borte. Dei omorganiserte, på same vis som skipsindustrien: Design og prototypar vert framleis utvikla og produserte i Stryn. Masseproduksjonen skjer i dotterbedrifter i Asia – medan marknadsføring, sal og vidare produktutvikling skjer i Stryn.

Det er ikkje vanskeleg å ane samanhengar mellom Skaades amerikatur i 1885 og Moods of Norway-grunnleggaren Simen Staalnacks berømte Hawai-tur i 2003 heller. Bestefar hans, Sverre Bringsvor, hadde aldri slått seg ned i Stryn og starta Tonning Møblar der om ikkje det hadde vore for industritradisjonane og dei opne haldningane til å prøve seg. Og slik heng den eine historia saman med den andre:

Same år som Ullvaren starta i Innvik, vart det starta sagbruk og høvleri i Utvik. I 1900 kom Utviken Trevarefabrik, i 1917 kom Utvikens Kloggfabrikk – og i 1925 starta Elias Sølvberg ein privat snikkarskule. Eg veit ikkje om Hagen-gutane gjekk der, men dei starta i alle fall Hagen Treindustri i 1934. Det var dette miljøet bestefar Bringsvor kom til i 1946 og starta Tonning Møbler. I 1975 spesialiserte Hagen produksjonen og tok namnet Stryntrappa. Året etter (1976) spesialiserte Pretre AS seg innan ferdigproduksjon av takstolar.

Like lange liner anar eg innanfor den mekaniske industrien – frå Hammerstad Hesteskofabrikk i 1898 til Vest Karosseri (1965), den som no er bussprodusenten Vidre AS.

Design- og industrimirakelet Stryn handlar om 130 års kunnskapsakkumulasjon.


«Kollektiventreprenørane»

Næringssjef Geirmund Dvergsdal veit frå forskinga at det finst tydelege skilnader mellom opne samfunn med takhøgd, toleranse og aksept, og lukka samfunn prega av mistru og mistillit. Stryn er døme på det fyrste. Han vil ikkje namngi noko døme på den andre kategorien, i alle fall ikkje i Nordfjord. Men han fortel gjerne om kva han har funne ut om folk som går nye vegar. Eit funn er ganske overraskande:

«Det er lettast for kvinner og innflyttarar.»

Ein gut reiser ut i verda, men sjølv om han har nye tankar og kunnskapar med seg heim att, er det ikkje så lett å få noko til. Janteloven møter han ofte hardt. Men kona som han har med seg heim att, er folk opnare for. Jaså – meiner du det? seier dei, og ler, men i hennar tilfelle ler dei godmodig. Ja ja – du har jo ikkje greie på korleis det er her, seier dei. Men men: Me kan jo forsøka, he he!

Dvergsdal har definitivt sett døme på den «vanlege» entreprenøren, han som er etter boka til Adam Smith, bakaren som knar deig for profitten sin del og ikkje for å skaffe folk brød. Men han har sett vel så mange entreprenørar som ikkje passar med dette «idealet». Så han har laga seg to kategoriar til:

Den eine er «handverksentreprenøren», han som startar heime i kjellaren og er så dyktig at folk vil ha stolane eller kjolane eller karjolane hans, og til slutt blir maset så sterkt at han må tilsetje folk for å halde unna.

Den andre er han – eller ofte ho – som han kallar «kollektiventreprenøren».

«Dei ser seg sjølve som ein del av lokalsamfunnet, og dei er fyrst og fremst drivne av skapartrong og lysta til å få noko til.» Det er ikkje noko nytt fenomen. Han trekker fram dei som organiserte sparebankar og samvirkelag som historiske døme.

«Mange av dei mest framgangsrike nyskaparane er folk som brenn meir for å utvikle eigne lokalsamfunn enn for pengane. Dei skaper sosiale arenaer, tek initiativ til betre infrastruktur – og næringsutvikling.»

Dvergsdal understrekar at det ikkje er konfliktfritt for det. Kollektiventreprenørar må tole både hogg og spark frå folk som «veit kva me har, men ikkje kva me får». Men uthaldsevna kan vere vel så stor hos dei som hos det Dvergsdal kallar «den opportunistiske entreprenøren med profitt som drivkraft».

«Heilt etter boka!» kommenterer professor Reinert, då eg fortel han denne historia. Men då er det ikkje Adam Smith si bok (Wealth of nations) han refererer til – det er Harvard-professor Joseph Schumpeters Theory of Economic Development frå 1911, der han skriv om «the notorious rule breakers» som går fyrst og skaper nytt, medan «the reluctant followers» kjem etter – for å overleve. «Regelbrytarane» er svært ofte innflyttarar til ein stad. Når eg spør Reinert om kva slags krefter som driv entreprenørar, trekker han fram den norskamerikanske økonomen og sosiologen Thorstein Veblen og teorien hans om «workmanship»: Dei viktigaste drivkreftene er å vere stolt av faget sitt, ha samfunnsinstinkt og vere grenselaust nyfiken (Theory of business enterprise, 1904).

«Desse «gløymde» økonomiske teoriane høver langt betre med forteljinga frå Stryn, enn det nyliberale fokuset på å vere grådig» seier han, og legg til:

«Økonomane som dominerer tenkinga i dag, har funne opp ein teori der samfunnet og samfunnsansvaret ikkje finst. Det er ein slags metodologisk egoisme, der det berre er pengar som har noko å seie. Det er rett og slett primitivt.» 


Til Kapitel 4



Comments