Sakprosa‎ > ‎Industri 3.0‎ > ‎

5. Var det ein tredje industriell revolusjon?

Alle desse livserfaringane, observasjonane og tankerekkene har leidd meg fram til dette spørsmålet: Er myten om avindustrialisering ei feiltolking av ein faktisk, tredje industriell revolusjon? Førte elektronikken til endå større og meir grunnleggande omformingar av samfunnet etter 1975 enn det mekanikken gjorde frå rundt 1800 og elektrisiteten gjorde frå 1900?

Dei tre industrielle revolusjonane;




«Det gir meining», seier Kjetil Gjølme Andersen på Norsk Teknisk Museum. Og så tenkjer han høgt om skifte av fokus – frå produksjon til innovasjon. Det skjedde eit teknologisk sprang. Datamaskinane vart «general purpose-maskinar» – dei endra tilhøvet radikalt mellom store og små verksemder. Det var ikkje lenger ein føresetnad å vere stor eller gigantisk for å vere effektiv. Det store symbolet vart samanbrotet av Detroit – på få år endra den mest vellukka amerikanske industribyen seg til nærast ein spøkjelsesby. Det store industrielle konglomeratet si tid vart avløyst av den nedtrimma verksemda som fokuserte på kjerneverksemda si og sette ut alt anna. Det økonomiske regimet braut òg saman. Det vart stagflasjon – inflasjon og nullvekst på same tid. Keynesianismen og motkonjunkturpolitikken verka ikkje lenger, og ingen forstod kvifor. Teknologien opna for ei ny globalisering, både av produksjon, informasjon og handel. Det opna òg for slike fenomen som at Hydro sin moderne magnesiumfabrikk på Herøya vart utkonkurrert av små, primitive kinesiske bakgardsprodusentar som verken tenkte løner eller miljø. Og så alle dei politiske konsekvensane …

Eg er ikkje sikker på om denne «tre-trinns-teorien» var sjølvsagt for Kjetil Gjølme Andersen, eller om det var ein ny måte å veve saman utviklingslinene i forteljinga om vår tid. Men for meg vart i alle fall samtalen ei stadfesting på nett det han sa: Det gir meining.

Den elektroniske revolusjonen

Datamaskinane løyste ut eit sprang i produktivkreftene si utvikling som ingen kunne ane omfanget av då det sette i gang (knapt nok i dag). Dei tok i prinsippet bort alt arbeid som reduserte menneske til maskinvedheng. I nokre bransjar kan det sjå ut som at produksjonen har «flytta til lågkostland» i staden for å bli robotisert, men det trur eg berre er førebels. For det fyrste ser me alt no at dei landa som vart ny-industrialiserte (NIC-landa) på denne måten, raskt utviklar seg til å bli «høgkostland». Og for det andre er det berre eit tidsspørsmål før ny teknologi også når fram til bransjar der innovasjon vert hemma av låge løner – eit godt eksempel der er sveiserobotane i Ulsteinvik.

Men det industrielle arbeidet har ikkje blitt borte. Robotiseringa har flytta tyngda av det menneskelege arbeidet frå sjølve fabrikken til dei prosessane som går før og etter sjølve produksjonen. Idéutvikling, design, planlegging og logistikk syg til seg arbeid før sjølve fabrikkproduksjonen. Og etter robotarbeidet svulmar arbeidet med produktutvikling, vidareforedling, oppdatering og tilpassing og dokumentasjon, integrering med andre produksjonsliner og endå meir logistikk og utvikling og tilpassing før produkta kan seljast som forbruksvarer.

Slik har det gått seg i alle bransjar. Tempoet er ulikt, og omvegane er ulike – men retninga er den same. Og gjennomsnittstempoet er høgare enn i nokon tidlegare endringsprosess i menneska si historie. Den digitale revolusjonen har ikkje berre gjort heile verda til ein samanhengande produksjonshall – han har også globalisert tenkinga. Frå ein person har ropt «Eureka!» ein stad på kloden til ein annan har teke ideen i bruk, kan det gå timar eller berre minutt, der det før tok generasjonar. Før produksjonsautomaten er klar til å masseprodusere eit banebrytande nytt produkt, er eit anna, betre og billegare klart på eit teiknebrett ein stad i verda.

Kommersialismen

Der er eit anna trekk ved dette som eg trur lett kan mistolkast som «avindustrialisering»: Den veldige auken i produksjonskapasitet har ført til eit skifte av fokus. Hovudutfordringa for industrien er ikkje lenger å produsere mest mogleg. Det er å selje. Telefonmarknaden er eit godt eksempel: Der var ventelister på fasttelefonar til langt utpå 1980-talet. Men alt frå midten av 1990-talet kunne folk få telefon på dagen, både fast og mobil, spørsmålet var berre om dei ville ha Nokia eller Ericsson. På felt etter felt er produksjonskapasiteten blitt så høg at spørsmålet ikkje er om folk kan få tak i ei vare, men kva for ein variant. Heller enn å produsere mest mogleg handlar industriutvikling om å produsere nærast mogleg det som kan seljast. «Just in time» - verken for mykje eller for lite.

Slik har vitskapar og teknologiar som handlar om å måle marknads- og kjøpetrendar frå minutt til minutt fått, eit veldig oppsving. Det same har robotteknologiar som kan «skreddarsy» masseproduserte varer. No er det ganske vanleg at tilverkinga av ei vare ikkje startar før kjøparen har gjort sine val mellom designmalar på eit varehus på andre sida av jorda. Lager er ulønsamt, risikabelt – og ikkje naudsynt.

Merkevarebygging er industri, sjølv om det ved fyrste augekast ser ut til å ha lite med produksjon å gjere. Det er ikkje teknologi som gjer Coca-Cola større enn Berentsens Brygghus i Egersund, men båe er industri. App Store og Eplehuset er greiner på Apple-treet som det er meiningslaust å dele opp som «industri» og «tenesteyting». Normal organisering er på same måten i bilindustri, møbelindustri, bygningsindustri og stort sett kva det skal vere.

Kjøpesentraene er sjølve industri. Etter kvart som holkort- og nyare datamaskinar kom i bruk der, minka behovet for folk til å telje og kontrollere lager og leveransar. I prinsippet vart det mogleg å organisere butikkane som industrielle prosessar, der straumar inn og ut kunne målast og regulerast frå time til time i eit «kontrollrom». Ei relativt lita og einsarta gruppe tilsette kunne drive store vareomsetjingar nærast døgnet rundt utan eigarar eller kontrollørar til stades.

På mindre enn eit tiår frå ca. 1975 forsvann så å seie kvar einaste småbutikk med lokal eigar og nokre få tilsette (gjerne familiemedlemmer). Det vart umogleg for dei å overleve i konkurranse med stadig større kjeder og kjøpesenter med dataassistert stordrift. Varehandelen vart industrialisert.

Dei aller fleste som arbeider i handelsnæringane i dag, er tilsette arbeidarar i alle tydingar av ordet: Den tida dei bruker på repeterande fysisk arbeid – lemping, stapling, flytting og bering – er redusert av industriell logistikk. I staden bruker dei det meste av tida til kjernearbeidet: Å selje. Dei sit i meir eller mindre heilautomatiske kasser og tek imot pengar, eller dei snakkar med folk, fortel historier om produkta dei skal selje – og fyller ut den informasjonen datasystemet skal ha når salet er gjort.

Så godt som alt dei sel er industrivarer. Eg har store problem med å tenkje meg fram til eit einaste produkt i eit kjøpesenter som ikkje er kome ut av ein industriell prosess. Det gjeld også jordbruksvarene: Varer som kjedene kjøper inn, kjem alle frå «sikre leverandørar» med industrialiserte produksjonsliner.

Det er slikt som skaper komikken i påstandar som at «no lever me av handel, ikkje industri».

Globaliseringa

Industrien har i prinsippet løyst mangelproblemet for menneskeslekta. Sjølv om folketalet har auka langt utover det dei gamle trudde Jorda kunne brødfø, er svolt og naud i tilbakegang. Visjonen om å utrydde absolutt fattigdom er ikkje lenger berre ein draum.

Det betyr ikkje at ulikskapane er blitt mindre, tvert om. Ny-liberalarane si tru på rikfolk sin handlefridom og grådigheita si progressive kraft, har ført til ein generasjon med aukande forskjellar – verst i dei mest «liberale» landa. Dette er så openbert stupid at eg ikkje gidd skrive om det. Les boka til Thomas Piketty som kjem på norsk om lag på same tid som denne, så kan eg heller bruke plassen på noko som folk kan hende er usamde med meg om:

Eg meiner at flyttinga av utdatert industri til lågkostland er eit gode for verda og for såkalla lågkostland. For land som Noreg er det ein risikosport.

Ulikskapane i verda er den viktigaste årsaka til flyttinga. Kommunikasjon og transport er blitt så billeg at lågkostland vinn kampen om industriar der arbeidslønene er ein stor del av kostnadene – så som tekstilindustri, skrogproduksjon og samansetjing av elektronikk – eller magnesiumproduksjon.

Det ser ikkje alltid fint ut, samanlikna med den robotiserte industrien «hos oss». Det luktar ofte vondt og høyrest fælt, det forureinar minst like ille som det gjorde her då det var nytt, og folk vert hundsa minst like ille med som europeiske arbeidarar vart for ikkje så lenge sidan.

Men for dei fleste som arbeider i dei nyindustrialiserte landa, er arbeidsplassane eit framsteg, for dei samanliknar med si eiga historie, ikkje med vår. Og dei framsynte mellom dei veit godt at utviklinga ikkje kjem til å stanse der ho er no.

Eg trur Erik S. Reinert har funne heilt korrekt svar på spørsmålet frå den peruanske søppelfyllinga: Det er graden av industrialisering som avgjer prisen på arbeidskraft i eit land. Meir industri betyr fleire arbeidarar og større pengeøkonomi. Det får fylgje av veksel- og ringverknader som dreg ikkje-industrielle sektorar med seg. Etter kvart vil ny-industrialiserte land miste konkurransefortrinnet med dei låge kostnadene. Men i staden får dei andre og meir verdfulle fortrinn: Meir kunnskap, meir kreativitet, meir moderne organisasjon – og meir eigen kapital. Det viktigaste er ikkje pengane, men kunnskapsakkumulasjonen som startar når eit land knekker den industrielle koden. Industri fører til innovasjon, auka produktivitet, nye teknologiar og ny innovasjon i stadig nye sirklar.

Når industrialiseringa fyrst har teke tak, har lågkostland eit relativt kortvarig fortrinn, for utviklinga går fortare og fortare. Me har sett det i Spania, Irland, Baltikum – og me ser det i Korea, Brasil, India og Kina. Verda endrar seg raskt.

Eg trur Kjersti Kleven har heilt rett i at om ikkje norsk maritim industri hentar heim att skrogproduksjonen, vil innovasjons-, design- og konstruksjonsarbeidet fylgje etter til land som tidlegare hadde låge løner, men som snart vil ha like høg og høgare kompetanse enn me.

Det manuelle, tunge, uproduktive og forureinande arbeidet er like gamaldags i lågkostland som her, det same er dei hierarkiske og autoritære arbeids- og maktstrukturane som fylgjer med det. Dei er på veg mot tekniske museum i Kina og Tanzania òg, me er berre litt lenger framme i løypa. Så lenge det varer.

Verdsbanken og WTO sine (nyliberale) politiske krav om at ikkje-industrialiserte land skal opne for frihandel og late vere å verne eigen industri, er ein politikk for å lenke dei til fattigdomen. Eg har ikkje registrert at eit einaste land har hatt nytte av det. Men så vidt eg kan sjå, har hjula bokstaveleg teke til å gå rundt i alle dei landa som har gått sine eigne vegar.

Det har ikkje vore gratis: Det har mellom anna hatt øydeleggande ringverknader på tradisjonell kultur og næring, neddemming og nedbygging av dyrkbar mark, flukt frå landsbygda og planlaus urbanisering. Men på rekordtid – ein generasjon eller to – har det eine landet etter det andre teke steget heilt opp i tet: Kina er på veg til å bli ei supermakt, Brasil, Indonesia, Korea, Malaysia er blitt økonomiske stormakter.  


Til Kapitel 6



Comments